Show simple item record

dc.contributor.authorAngell, Svein Ivareng
dc.contributor.authorBrekke, Ole Andreaseng
dc.date.accessioned2015-02-12T12:57:23Z
dc.date.available2015-02-12T12:57:23Z
dc.date.issued2011-05eng
dc.identifier.isbn978-82-8095-077-2eng
dc.identifier.issn1503-4844eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/9377
dc.description.abstractIn the report we discuss the historical development of environmental demands related to hydroelectric energy production in Norway. Ever since the utilization of watercourses for the production of hydroelectric energy was introduced in Norway in the beginning of the 20th century, conservation of nature and environmental interests have been confronted by concerns of energy supply for consumption and industry. However, in lieu of this major opposition, other cleavages have materialized; between knowledge and politics, between public and private interests, between local, national and in later years also supranational policy objectives, as well as between different governance regimes, not least between political and market-based solutions. We explore how major lines of conflict have evolved over the years, and how historically anchored cleavages and institutional solutions influence how we understand present problems and demands for sustainable energy politics. On the basis of a chronological overview, covering the period from the concession-laws of the early 20th century until today, we identify different formative phases in this development, and explore the various discourses and values that have defined how environmental concerns have been brought to bear on Norwegian policies of hydro power production throughout the 20th and early 21st century. Throughout the report, Norwegian developments are put in perspective through comparison with Sweden. In Sweden, hydro power development has been organized in a different manner, as it has historically been treated as a judiciary rather than a political issue. The relationship between political institutions and society is different compared to Norway, and since the 1960s the energy-political situation has also been different, with a considerable amount of nuclear power as part of the national electricity pool. Management of hydro power resources have been high on the political agenda in Norway throughout the period discussed in this report. This was evident in the political struggles over the Concession laws in the early years of the 20th century, in the strong local political engagement in hydro power development in the inter-war years, and not least in the post-war period, when hydro power development became maybe the most potent symbol of national rebuilding and progress. Throughout the period from 1945, political institutions have been very much involved both in the overall governance of the field as well as in specific projects. This is in sharp contrast to Sweden, where the regulation of hydro power developments was handed over to the judiciary through the Water Act of 1918. The Swedish Riksdag did not become involved in issues concerning the exploitation of watercourses until the late 1960s, when a more active national policy of watercourse management was pressed forth by nature conservationist groups. Another significant trait in Norway compared to Sweden concerns the role of local interests. Local government played a formative part in the development of hydro power in Norway, and in the inter-war years the majority of power stations were owned by local private or public developers. As the state was more involved in harnessing hydro power in the post-war years, possible damages to local interests stemming from watercourse developments attracted much political attention. Questions relating to the amount of and various kinds of damages occupied centre stage in the parliamentary debates on hydropower development in the late 1940s, leading to a more comprehensive and long-term understanding of damage compensation. A similar local anchoring of hydro power development did not exist in Sweden, and the judiciary process of granting concessions also made it more difficult to include more comprehensive assessments of possible consequences of specific development projects. Much of the history of hydropower in Norway concerns confrontations between different interests, and efforts to integrate them through planning and political decisions. The governance of hydro power was in reality part of a social contract where political legitimacy rested upon the degree in which various interests were offered articulation and representation within the governance regime. The present system of hydro power regulation is a product of a layered development of cleavages as well as regulatory efforts. While nature conservation at best played second fiddle in the postwar years, from the 1960s onwards the balancing of opposing interests was the declared ambition of government policies. But the main oppositions have shifted across time. From the 1960s until the 1990s the dominant cleavage shifted from hydro power versus nature conservation towards a more generalized opposition between energy and environment. The regulatory system to a large degree has developed along the same demarcation lines. New concerns have over time been met with institutional innovations. The early regulatory hegemony of the Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE) has since the 1970s been countered by the institutionalizing of environmentalist concerns. From the beginning of the 1980s the central regulatory system of watercourses have been split in two, with the Ministry of the Environment and the Directorate of Nature Management on the one hand, and the Ministry of Petroleum and Energy and NVE on the other. The main developmental trend in the relations between hydro power production and environmental concerns has been the successive expansion of governance efforts and institutions as new interests and lines of conflicts has emerged on the political agenda. From the 1980s onwards, however, no major institutional innovations have taken place. But at the same time the framework of watercourse policies has undergone major changes. Resource management has more or less replaced hydro power development as the major driver for watercourse policies. The 1990 Energy Act resulted in a major change in the organization of the hydro power sector. Although most hydro power companies are still under public ownership, they have been transformed into shareholding companies operating under market conditions. Electricity resources are no longer directed towards local or national consumption, but are pooled together and brokered at international markets. The local and democratic anchoring of hydroelectric power is ruptured. In parallel to the internationalization of the electricity market, concerns for the environment have reached a global level. Local concerns for the conservation of watercourses are increasingly challenged by global concerns for environmental energy. Thus the conflict between energy and the environment have become more multi-faceted. A main challenge for present energy and environment politics in Norway is how to ensure a better fit between the major concerns and conflicts dominating the field and the regulatory apparatus needed for governing it.en_US
dc.description.abstractRapporten drøftar utviklinga av natur- og miljøvernproblematikk knytt til norsk vasskraftproduksjon i historisk perspektiv. Framstillinga dekkjer perioden frå dei store vasskraftutbyggingane tok til ved inngangen til det 20. hundreåret fram til i dag. Vi undersøkjer korleis konfliktlinene innanfor området har endra seg undervegs og kva historisk forankra konfliktar og institusjonelle løysingar har å seia for korleis vi forstår dagsaktuelle problemstillingar og krav om ein beredyktig vasskraft- og energipolitikk. Rapporten identifiserer ulike formative fasar i utviklinga. Drøftinga krinsar rundt kva diskursar og verdiar som har prega natur- og miljøvernproblematikken knytt til vasskraftproduksjonen og korleis dette har endra seg over tid. I rapporten gjer vi òg komparative sideblikk til Sverige, for å kontrastera den norske utviklinga. I Sverige har vasskraftsfeltet vore organisert på ein annan måte, ved at det historisk sett har vore rettsleggjort og ikkje politisert på same vis som i Noreg. Tilhøvet mellom politiske institusjonar og samfunnet er annleis, og sidan 1960-åra har òg den energipolitiske situasjonen vore annleis, med eit stort innslag av kjernekraft i kraftbalansen. Vasskraftforvaltninga har vore eit sentralt politikkområde i Noreg i heile perioden som rapporten tek føre seg. Dette har kome til uttrykk i stridane om konsesjonslovgjevinga frå starten av 1900-talet, i det sterke lokalpolitiske engasjementet i kraftutbygging i mellomkrigsåra og ikkje minst i etterkrigstida, då kraftutbygginga vart det kan hende mest sentrale uttrykket for den nasjonale gjenreisings- og velferdsbyggingspolitikken. I heile perioden frå 1945 fram til i dag har dei politiske institusjonane vore særs aktive både når det gjeld den overordna reguleringa av feltet og i konkrete utbyggingssaker. Sjølv om det stort sett rådde semje om norsk kraftpolitikk fram til 1960-talet, var kraftpolitikken heile tida vevd inn i andre politikkfelt, der særleg distriktspolitiske og industripolitiske omsyn har vore viktige premissleverandørar. Dette står i skarp kontrast til utviklinga i Sverige, der vasskraftutbygginga var eit så godt som apolitisk felt heilt fram til slutten av 1960-talet. Gjennom Vattenlagen i 1919 vart ei ordning med "vatten-domstolar" etablert . Denne ordninga innebar at riksdagen og regjeringa ikkje vart involverte i konkrete utbyggingsprosjekt. Her var det i utgangspunktet rettslege, og ikkje politiske, prosesser som regulerte kraftfeltet. Men frå slutten av 1960-talet pressa naturvernarane fram ein meir aktiv vasskraftpolitikk her òg. Eit anna særmerke ved den norske utviklinga er rolla til lokale interesser. Kommunale styresmakter hadde ei formande rolle i den norske kraftutbygginga, og brorparten av utbyggingane før 1940 vart gjennomført i lokal regi. Då den statlege utbygginga skaut fart i etterkrigstida, var det nettopp dei lokale skadeverknadene som hamna i sentrum for det stortingspolitiske ordskiftet. Spørsmål knytt til forma på og omfanget av skadeserstatningar stod sentralt i utbyggingsdebattane på slutten av 1940- talet, og førte til at ei meir heilskapeleg og langsiktig forståing av skadeomfanget ved kraftutbyggingar vart lagt til grunn. Ei tilsvarande lokal forankring fanst ikkje i Sverige, og domstolsordninga gjorde det òg vanskeleg å trekkja inn meir heilskaplege vurderingar av utbyggingstiltak. Mykje av historia om vasskraftsområdet i Noreg handlar om konfrontasjonane mellom ulike interesser, og korleis dei har vorte forsøkt integrerte gjennom planarbeid og politiske vedtak. Vasskraftforvaltninga har i røynda vore del av ein samfunnskontrakt der politikken sin legitimitet kviler på dei ulike interessene sitt rom for artikulasjon og representasjon. Dagens vasskraftsystem er eit produkt av ein historikk prega av ei lagpå- lag utvikling av så vel konfliktliner som reguleringstiltak. Medan naturvernet var eit haleheng i den første etterkrigstida, vart det eit uttalt siktemål å balansera interessemotsetnadane i kraftpolitikken frå 1960-talet og frametter. Men desse motsetnadane har endra seg over tid. Frå 1960-talet fram mot 1990-talet skifta den dominerande konfliktlina frå vasskraft versus naturvern til ein meir generalisert motsetnad mellom energi og miljø. Forvaltningssystemet har for ein stor del vorte institusjonalisert langs dei same konfliktlinene. Nye omsyn som har kome til, har vorte møtt med institusjonelle nydanningar. NVE sitt tidlege reguleringshegemoni har sidan 1970-talet vorte utfordra gjennom institusjonaliseringa av verneomsyna. Frå byrjinga på 1980-talet har den sentrale vasskraftforvaltninga vore prega av ei todeling mellom Miljøverndepartementet og Direktoratet for Naturforvaltning på eine sida, og Olje- og energidepartementet og NVE på den andre. Hovudlina i utviklinga av tilhøvet mellom vasskraftproduksjon og natur- og miljøvern har vore korleis politiske styringsreiskapar og forvaltningsordningar har vakse fram i tråd med nye konfliktliner som har kome til på feltet. Men i røynda har det ikkje skjedd store forvaltningsmessige nydanningar sidan 1980-talet. Samstundes har rammene for kraftpolitikken endra seg radikalt i dei siste par tiåra. Frå 1980-talet og frametter har ressursforvaltning langt på veg erstatta kraftutbygging som den sentrale drivaren i vasskraftpolitikken, og med Energilova i 1990 fekk ein òg ein massiv omlegging av kraftsektoren si organisering. Det er framleis i stor mon kommunane og staten som eig dei norske kraftressursane. Men forvaltninga av dette eigarskapet skjer no gjennom aksjeselskap og store konsern. Kraftressursane er heller ikkje lenger øyremerkte til å stetta lokalt eller heimleg forbruk, men vert omsett til høgstbydande på ein internasjonal marknad. Den lokale og demokratiske forankringa til vasskraftpolitikken er broten. Parallelt med internasjonaliseringa av kraftmarknaden har òg miljøaspekta knytt til vasskrafta vorte del av ein global miljøproblematikk. Konflikten mellom energi og miljø har difor vorte meir fleirfasettert. Ein hovudutfordring for dagens norske miljø- og energipolitikk er nettopp å sikra ei betre tilpassing mellom dei konfliktlinene som pregar feltet og det politiske og forvaltningsmessige apparatet som skal regulera desse.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherStein Rokkan Centre for Social Studieseng
dc.relation.ispartofseriesRapport 03-2011en_US
dc.titleFrå kraft versus natur til miljøvenleg energi? Norsk vasskraftpolitikk i eit hundreårsperspektiveng
dc.typeResearch reporteng
dc.rights.holderCopyright Stein Rokkan Centre for Social Studies. All rights reserved.
dc.type.versionpublishedVersioneng
bora.peerreviewedNot peer reviewedeng
bora.accessRightsinfo:eu-repo/semantics/openAccesseng


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record