Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJensen, Margreth Bjørkumeng
dc.date.accessioned2015-06-11T11:47:23Z
dc.date.available2015-06-11T11:47:23Z
dc.date.issued2015-03-23
dc.date.submitted2015-03-23eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/9945
dc.description.abstractSeismiske innsamlingar på flytande havis gir under visse forhold opphav til kjeldeinduserte fleksurbølgjer (Sunwall et al., 2012). Desse oppstår kor seismisk energi blir fanga mellom grenseflatene is/luft og is/vatn. Fleksurbølgja framstår på seismiske data som ei vifte, som delvis oveskygger refleksjonar av interesse og det fører til at ein får data av dårleg kvalitet. Eigenskapane til fleksurbølgja medfører at den er vanskeleg å fjerne frå seismiske data, det er difor eit fokus på korleis ein kan unngå den ved hjelp av innsamlingsgeometri. Vidare har fleire sett på korleis ein kan fjerne fleksurbølgja i prosesseringa. Målet i oppgåva er å undersøke kva ulike innsamlingsoppsett har og seie for mengda av støy frå fleksurbølgja på seismiske data, og ved hjelp av dette finne ut om det er eit oppsett som unngår fleksurbølgja i heilskap. Vidare ser oppgåva på datasett som er prega av fleksurbølgja med mål om å fjerne den ved hjelp av to prosesseringsmetodar. Resultata avdekker at eigenskapane til fleksurbølgja gjer den vanskeleg å fjerne frå seismiske data, difor er det å unngå den allereie i innsamlinga det mest hensiktsmessige. Resultata knytt til undersøkingane og testane som er utført viser at det er mogleg å unngå fleksurbølgja i heilskap om ein brukar hydrofonar plassert djupare enn 5 m. Ulike avgrensingar medfører at det ikkje alltid er mogleg å unngå fleksurbølgja. Dette krev metodar som dempar støyen utan at det går på bekostning av refleksjonar. F-k filtrering av dataene gir demping av fleksurbølgja, men ei fullstendig fjerning er ikkje mogleg. Metoden der hydrofon- og geofondata blir kombinert viser ei tydeleg forbetring i kvalitativt SnR, med nokre skilnader mellom ulike testar innanfor metoden. Basert på SnR er sistnemnde metode ein betre måte å dempe fleksurbølgja på enn f-k filtrering.en_US
dc.format.extent7921752 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reservedeng
dc.titleMetodar for demping av fleksurbølgjer i havisen_US
dc.typeMaster thesis
dc.description.degreeMaster i Geovitenskapen_US
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.description.localcodeGEOV399
dc.subject.nus756199eng
fs.subjectcodeGEOV399


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel