Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugland, Ingebjørg
dc.date.accessioned2021-05-25T23:50:18Z
dc.date.available2021-05-25T23:50:18Z
dc.date.issued2021-03-25
dc.date.submitted2021-05-25T22:00:07Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2756352
dc.description.abstractVeksande risiko for naturafarar knytt til jøkullaup og bredemte sjøar, er ein konsekvens av global oppvarming, varmare klima og brear som smeltar. Ei jøkullaupshendinga er ei brå tapping av smeltevatn frå ein bredemt sjø og kan føre til fatale følgjer og store øydeleggingar i område nedstraums ein smeltande bre. Med mål om å bidra til meir kunnskap kring konsekvensane av bresmelting i framtida, er jøkullaupspotensialet frå brearmen Pyttabreen på Folgefonna i Vestland fylke kartlagt i notid og gjennom holocen. For å studere om Pyttabreen kan generere jøkullaup mot områda nedstraums, er det utført kvartærgeologisk kartlegging i Bondhusdalen og Fynderdalen, Kvinnherad kommune. Kartlegginga er presentert som eit kvartærgeologisk kart over nedslagsfeltet til Bondhusvatnet. Frå Fynderdalen er det henta inn torvkjerneprøvar frå eit torvsnitt og frå Bondhusvatnet innsjøsedimentkjernar. Geokjemiske og magnetiske eigenskapar i signaturen til torv- og innsjøesedimentkjernane er analysert og delar av prøvemateriale er visualisert ved bruk av CT-teknologi. Studien syner at Pyttavatnet demmer opp ein innsjø framom brefronten, som kan generere eit jøkullaup mot Bondhusdalen og Fyndedalen. Om bresmeltinga held fram med same hastigheit som dei seinare åra, vil eit jøkullaup skje i løpet av få år og maksimalt kan 500 000 m3 smeltevatn frigjerast. Flaumen frå jøkullaupet vert truleg ikkje stor nok til å få katastrofale følgjer for innbyggjarane i Sundal, men sidan Bondhusdalen er eit populært turistmål er det grunn til å følgje med på utviklinga i framtida. Basert på sedimentkjerneprøvane frå Bondhusvatnet er flaumhistorikken gjennom dei siste 2500 kal. år BP rekonstruert. Innsjøsedimentstudien avslører at flaumfrekvensen er størst i periodane som overlappar med at Pyttabreen har ei utbreiing som kan føre til jøkullaup. Det er ikkje klart å skilje jøkullaup frå andre flaumar i innsjøsedimentarkivet, men koplinga mellom flaumfrekvens i Bondhusvatnet og klimavariasjonar gjennom holocen, tyder på at nokre av flaumhendingane i Bondhusdalen sannsynlegvis skuldast jøkullaup. Fleire fluviale erosjonsspor tyder på tidvis stor vassføring nedstraums Pyttavatnet, som òg støttar opp om denne tolkinga.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectjøkullaup
dc.subjectGLOF
dc.subjectFolgefonna
dc.titleKartlegging av potensialet for jøkullaup frå Pyttabreen, Folgefonna i notid og gjennom holocen
dc.title.alternativeMapping the potential for jökullaup from Pyttabreen, Folgefonna throughout holocene and today
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-05-25T22:00:07Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i geovitskap
dc.description.localcodeGEOV399
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.subject.nus756199
fs.subjectcodeGEOV399
fs.unitcode12-50-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel