Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVevatne, Tone
dc.date.accessioned2021-06-24T00:12:11Z
dc.date.available2021-06-24T00:12:11Z
dc.date.issued2021-06-24
dc.date.submitted2021-06-23T22:00:57Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2760963
dc.description.abstractDenne studien undersøker korleis lærarar ved grunnskulen forstår og praktiserer opplæring i demokrati og medborgarskap. Dagens oppdaterte skulereform – Kunnskapsløftet 2020 – legg større vekt på temaet enn sin forgjengar gjennom å etablere demokrati og medborgarskap som eit overordna prinsipp i skulen. Ambisjonane til Utdanningsdirektoratet ynskjer ei auking av elevars demokratiske kompetanse og eit fokus på å oppsede kompetente medborgarar som seinare skal delta i arbeidsmarknaden og i samfunnslivet. Etablert forsking og litteratur har etterspurd slik læring og kritisert tidlegare reformer for mangel på slik kompetanse. Ein kan hevde at Kunnskapsløftet 2020 svarar på denne kritikken gjennom det aukande fokuset. For å avdekke kunnskap om temaet har eg utført intervju med åtte lærarar som er tilsette på barne- og ungdomsskular. Det har vore ynskjeleg med eit varierande utval lærarar for å i høgare grad vise til ei representativ lærargruppe. Gjennom intervjua har eg fått tilgang på deira forståingar, opplevingar og haldningar til undervisingstemaet demokrati og medborgarskap, og formulert følgjande overordna problemstilling: Korleis forstår og praktiserer grunnskulelærarar demokrati og medborgarskap? Denne undersøkinga finn at lærarane dekkjer over sentrale forståingar ved demokrati og medborgarskap, og forstår demokrati og medborgarskap som eit omfattande og viktig undervisingstema. Dei vektlegg ulike aspekt, som i følgje av dette har ført til fire analytiske kategoriar: fagleg kunnskap, kritisk tenking, verdigrunnlag og aktiv deltaking. Til saman forklarer desse korleis lærarane forstår demokrati og medborgarskap og skulen sitt ansvar i å oppsede framtidige medborgarar. Funna knyt til korleis lærarane praktiserer undervisingstemaet vert illustrert gjennom Janicke H. Stray si tredeling av demokratiopplæring; om, for og gjennom demokrati. Lærarane visar at dei gjerne tyr til etablerte undervisingspraksisar – som ofte tar utgangspunkt i samhandling mellom elevane innanfor elevanes livsverd og tradisjonell kunnskapsformidling. Dei møter ofte motstand i elevane ved å bruke mindre etablerte praksisar, og trekk fram individuelle preferansar for kor mottakeleg elevane er for alternative undervisingsopplegg. Dette kan vere ein indikator på kor krevjande det er for nye reformer å etablere seg og skape nye strukturar.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.title«Ein ting er å snakke om det, ein annan ting er å sette det ut i livet» Korleis grunnskulelærarar forstår og praktiserer demokrati og medborgarskap
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-23T22:00:57Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåva
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106
fs.subjectcodeSOS360
fs.unitcode15-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel