Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSandvik, Sunniva Eirin
dc.date.accessioned2022-06-25T00:01:12Z
dc.date.available2022-06-25T00:01:12Z
dc.date.issued2022-05-20
dc.date.submitted2022-06-24T22:00:34Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000764
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tar føre seg Jane Eyre av Charlotte Brontë og Wuthering Heights av Emily Brontë. Oppgåva undersøker kva ein kan lære om det viktorianske samfunnet i England, ved å sjå på aspekt som klasse, kjønn, og samfunnsendringar relatert til urbaniseringa i denne perioden. Desse aspekta blir undersøkt gjennom å sjå på nokre av dei mange folkloristiske elementa ein kan finne i dei to bøkene. Folklore er folkeminna og folketrua som har overlevd gjennom ein tidsalder på folkemunne, og som difor har ukjend forfattar. Både Jane Eyre og Wuthering Heights viser til folklore gjennom referansar til alvar, spøkelse, gamle balladar og sanger, eventyr, og “kjerringsnakk.” Oppgåva ser først på korleis folklore er brukt i Jane Eyre, ved å sjå på korleis hovudkarakteren blir assosiert med overnaturlege vesen i samanheng med at ho i auga til andre karakterar blir framandgjort som eit resultat av at rolla hennar i samfunnet er vanskeleg å definere. Vidare ser oppgåva på spøkelse, og deira innverknad på Wuthering Heights, relatert til den same typen framandgjering som i Jane Eyre. Til slutt ser oppgåva på korleis tradisjonen for historieforteljing på folkemunne skilde seg frå bokpublisering, som var den nyare og meir aksepterte forma i dei viktorianske mellomklassene. Ved å studere Jane Eyre og Wuthering Heights i samanheng med folklore og konteksten av det viktorianske samfunnet, prøver denne oppgåva å leggje vekt på kvifor studiar innanfor folklore og litteratur kan vere verdifullt for å finne innsikt i samfunnsrelaterte tema som skjuler seg bak folklore i fiksjon.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleGhosts, Fairies and Old Wives’ Tales: The Function of Folklore and Superstition in Jane Eyre and Wuthering Heights
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-06-24T22:00:34Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgave
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel