Korleis kan oppsett for forsøk påverke rapportar i kjemifaget?
Master thesis
Date
2022-06-01Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Chemistry [442]
Abstract
Praktisk arbeid med forsøk og demonstrasjonar er ein sentral del av kjemifaget. I etterkant av praktisk arbeid brukar elevane ofte å skrive ein forsøksrapport. Læraren har medverknad over desse faktorane: kva forsøk som gjennomførast, korleis dei gjennomførast, kva forventningar som legg til grunn for eventuelle forarbeid og etterarbeid. Desse faktorane har eg valt å samle og kalle oppsett for forsøk. Gjennom ei kvalitativ analyse av forsøksrapportar har eg valt å sjå nærmare på i kva grad og korleis oppsett for forsøk påverkar det elevane legg fram i sine forsøksrapportar. Hensikta er å undersøke om det er noko læraren kan gjere før, under eller i etterkant av forsøket for å til dømes få fram meir av elevane sine tankeprosessar i rapportane. Forskingsprosjektet har tatt omsyn til ulike utformingar av forsøksrapportar (rapportmal, fritt val), kva spørsmål som eventuelt er stilt i rapportmalen, gjennomføring av forsøka og diskusjon knytt til forsøka både før, under og etter utføring. Koding av datamaterialet er nytta til å få djup innsikt i kva rapportane inneheld. Spesifikt er grunngivingar og forklaringar presentert i rapportane koda nøye. Analysen i samband med teori avdekka at det er mogleg at både utforming av rapportmal, spørsmål i denne og diskusjon undervegs i prosessen kan ha fått fram fleire hypotesar, grunngivingar samt resonneringar og faglege samanhengar i rapportane. Det er og tydeleg at tal grunngivingar er i direkte samanheng med tal hypotesar. Dermed kan både teori og analysen belyse viktigheita av å få elevane til å danne hypotesar om forsøka som skal utførast. Gjerne i samband med faglege diskusjonar.