Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEngland, Gunnar Midtbø
dc.date.accessioned2023-06-28T06:03:50Z
dc.date.available2023-06-28T06:03:50Z
dc.date.issued2023-05-16
dc.date.submitted2023-06-27T22:00:57Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3073847
dc.description.abstractOppgåva vil sjå på moglegheita til å bruke vindkraft og batteri til å avgrense bruken av dieselgenerator, og dermed kutte utslepp av karbondioksid med 80 % om bord dei planlagde offshore lakseoppdrettsanlegga til SalMar AS, kalla Ocean Farm 1. Dette blir gjort gjennom simulasjonar i kode-programmet Python. Ved å kombinere forbruksdata frå eit anlegg saman til forbruket frå seks anlegg, kan det bli laga eit teoretisk forbruk. Dette kan bli samanlikna med vinddata frå NORA-3WP, eit vindressursdatasett over Norden. Ved å hente ut data frå koordinatar foreslått av SalMar kan ein god indikasjon på kraftproduksjon frå vind bli skapa. Det blir brukt perturbasjonar som samanliknar resultat for fire konfigurasjonar av turbinar. Ein, to og tre av den vertikale typen SeaTwirl S2x med 1 MW nominell effekt og ein turbin av den horisontale typen Siemens SWT-2.3-113 som har 2.3 MW i nominell effekt. Dette blir samanlikna opp mot utan batteri og mot batteri med kapasitet på 1200, 1800 og 2400 kWh. Til slutt vil det ligge ein dieselgenerator på 4 MW i botn som reserve i lågproduksjons periodar. Desse scenarioa blir samanlikna opp mot eit grunntilfellet som berre bruker dieselgenerator for å dekkje straumbehov. Resultata viser at det er mogleg å gå under 20 % av originalutslepp ved å bruke turbinen SWT-2.3-113, medan SeaTwirl sin vertikale turbin slit med å halde følgje. Dette er nok grunna forskjellane i høgde og kraftkurvene til turbinane. Det beste scenarioet blir rekna til å vere ein kombinasjon av SWT-2.3-113 turbinen, samt ein batterikapasitet på 1200 kWh. Dette er grunna at utsleppet er under 20 % av grunntilfellet, og har ikkje eit større batteri enn det som trengs for å dekke det. Økonomisk sett er det forsett dyrt å kjøpe seg inn i offshore flytande vindkraft med høge installasjonskostnadar samt høg drift- og vedlikehaldskostnadar. Det er venta at levetidskostnadar vil gå frå 117 øre/kWh i 2021 til 68 øre/kWh i 2030. Ein djupare økonomisk analyse må gjennomførast før eit eventuelt system kan settast ut i praksis, men teoretiske utrekningar ved hjelp av vinddata tilseier at det er mogleg å avgrense utsleppa med 80 % ved hjelp av eit vind- og batterisystem.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleLimiting the carbon dioxide emission aboard an offshore salmon farm by introducing a wind and battery system.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-06-27T22:00:57Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve
dc.description.localcodeSDG350
dc.description.localcodeMAHF-SDG
dc.subject.nus719999
fs.subjectcodeSDG350
fs.unitcode11-75-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel