Straff for mishandling i nære relasjonar i lys av Istanbul-konvensjonen
Master thesis
View/ Open
Date
2024-05-10Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Law [2618]
Abstract
I norsk rett er det utvikla eit sterkt rettsvern mot mishandling i nære relasjonar. Det sterke rettsvernet kjem til uttrykk gjennom eit skjerpa straffenivå, og vedtaking av strl. §§ 282 og 283 Det har òg utvikla seg eit sterkt rettsvern mot mishandling i nære relasjonar gjennom internasjonalt samarbeid. Ein av konvensjonane som har styrka rettsvernet er Istanbul-konvensjonen. Hensikta med Istanbul-konvensjonen er å førebyggje og motverke vald mot kvinner, og den stiller fleire krav til medlemsstatane om korleis dei skal sikre konvensjonen sitt føremål. Deriblant er det stilt nokre krav til korleis medlemsstatane skal gjennomføra straffeutmåling ved mishandling i nære relasjonar i art. 45 og 46. Istanbul-konvensjonen tredde i kraft i Noreg 1. november, slik at Noreg har plikt til å overhelde konvensjonen sine krav.
Oppgåva tek føre seg ei samanlikning mellom rammeverket for straff etter Istanbul-konvensjonen og straffebodet mot mishandling i nære relasjonar, samt ei samanlikning mellom rammeverket for straff etter Istanbul-konvensjonen og Høgsterett si straffeutmåling for mishandling i nære relasjonar. Hensikta med samanlikningane er å fastsetje om Noreg overheld sine plikter etter Istanbul-konvensjonen ved straff for mishandling i nære relasjonar. Samanlikningane viser at norsk rett i stor grad harmonerer med Istanbul-konvensjonen sine krav. Det er nokon element der det er meir rom for å drøfte i lys av Istanbul-konvensjonen sine krav for straff, men rettskjeldebildetet viser at statane har vid skjønnsmargin knytt til krava for straff og det er ingen omstende som tyder på at norsk straffeutmåling ikkje overheld Istanbul-konvensjonen sitt føremål. Det verkar dermed som om straff etter straffebodet mot mishandling i nære relasjonar overheld Istanbul-konvensjonen sine krav til straff.