Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvestad, Marianne Haakonsdattereng
dc.date.accessioned2015-08-06T10:26:44Z
dc.date.available2015-08-06T10:26:44Z
dc.date.issued2014-06-03
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/10229
dc.description.abstractI oppgåva ser eg nærare på anti-kvitvaskingsarbeid, med fokus på rolla som bankane har i dette. Kvitvaskingslova i Noreg pålegg bankane ein del ansvar i høve arbeid mot kvitvasking, blant anna å rapportere inn mistenkelige transaksjonar til ØKOKRIM. Problemstillinga er kva insentiv bankane har til å rapportere desse mistenkelige transaksjonane, og på kva måtar ein best kan utstyre bankane med dei rette insentiva. Problemstillinga vert belyst gjennom gjennomgang av to prinsipal-agent modellar, ein med tre spelarar og ein med to spelarar. Den sistnevnte vert gjennomgått mest grundig. Prinsipal-agent modellen med to spelarar undersøker kva som skjer med bankane sine insentiv når myndigheitene bruker bøter som straff, dersom dei ikkje rapporterer ein transaksjon som er kvitvasking. Det viktigste resultatet frå modellen, er at om bøtene vert høge nok, vil bankane rapportere alle transaksjonar for å unngå bøter, og dette vil gje eit dårlegare utfall for velferda totalt sett, enn om banken ikkje rapporterte i det heile. Vidare vert det presentert resultat frå andre aktuelle publikasjonar på området. Hovudresultat frå dei ulike teoriane og syna som vert lagt fram, vert forsøkt samanlikna og knytt opp mot anti-kvitvaskingsarbeidet i Noreg. Eg finn at det truleg føregår ei underrapportering frå bankane i Noreg i dag. Basert på litteraturen som vert presentert i oppgåva kan moglege årsaker til dette vere at ein i Noreg har for milde sanksjonar og at regelverket er komplisert og pålegg bankane eit stort ansvar som er krevjande, samtidig som kvitvaskingsarbeid ikkje vert nok prioritert av høgare instansar, til dømes politi.en_US
dc.format.extent1604710 bytesen_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherUniversitetet i Bergen (UiB)eng
dc.titleKampen mot kvitvasking - ein analyse av bankar sin rapportering av mistenkelige transaksjonareng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2015-08-06T10:23:58Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.localcodeECON390
dc.description.localcodeMASV-SØK
dc.subject.nus734103
fs.subjectcodeECON390


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel