Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSylte, Gudrun Urd
dc.date.accessioned2016-09-27T13:42:30Z
dc.date.available2016-09-27T13:42:30Z
dc.date.issued2002
dc.identifier.isbn82-8088-112-3
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12843
dc.description.abstractAvhandlinga tek utgangspunkt i resepsjonen kring dramaet Måkespisere. Det kjem fram ei relativt samstemt tematisk tolking av dramaet som knyter det til ei feministisk lesing. Samstundes er det stor eining om ei plassering av dramaet i samanheng med modernisme. Denne eininga i resepsjonen kjem fram trass at forskarane nærmar seg dramaet med ulike perspektiv. I mi analyse av dramaet ynskjer eg å undersøkje kva som skapar denne eininga i synet på dramaet. Med ei retorisk tilnærming til teksten undersøkjer eg Måkespisere som ein montasje og i høve til symbolikken strukturerer stykket. Kapittel to tek for seg Måkespisere som montasje, Franz-Josef Albersmeier handsamar omgrepa collage og montasje i litteraturen. Peter Bürger viser korleis innføringa montasjeteknikken i kunstverda braut opp konvensjonen om kunstverket som ein organisk heilskap. I den første hovuddelen av kapitlet tek eg for meg dei tekstane som inngår i montasjen og det desse teksttypane bring med seg. I den andre delen undersøkjer eg korleis det vert oppretta ein samanheng mellom tekstfragmenta i montasjen. Her er tolkingsaspektet ved montasjen viktig, der eg ser fragmenta i forhold til kvarandre og den meininga som vert oppretta. Dei intertekstlege referansane i dramaet gjev tolkingsnøklar til den tematiske heilskapen. Eg peiker til slutt på den drama- og kunsttematikken som Måkespisere rommar. I kapittel tre undersøkjer eg den symbolikken som kjem fram i dramaet. Med bakgrunn i ei retorisk innstilling til symbolikk etter Umberto Eco og dekonstruksjonistane sin kritikk av det romantiske symbolet, ser eg korleis montasjen har ein strukturerande og gjennomgripande symbolikk. Denne symbolikken lukkar inne ei meining som kring kvinna sine føresetnader som kunstnar. Symbolikken skapar eit skilje mellom ein mannleg og ein kvinneleg sfære. Symbolikken avslører ein kulturkritikk og kritikk av eit kvinneomgrep, men og av kvinna sjølv. I det avsluttande kapitlet kjem eg fram til at den meiningsheilskapen som kjem fram i resepsjonen er sameinleg med den meininga som kjem fram gjennom analysen av montasjeforma og den symbolikken som ligg her. Vidare peiker eg på ei mogleg tilknyting til eit postmoderne perspektiv i dramaet, og trekk trådar til andre drama av Løveid- postmoderne på grunn av dei historiske detaljane.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleStykkevis og delt? Montasje og symbolikk i Cecilie Løveids Måkespisereeng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel