Vêrskipstasjonen MIKE og modellen MICOM - ei samanlikning av observasjonar og modellresultat over 55 år
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/1481Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Geophysical Institute [1228]
Sammendrag
Observasjonar frå MIKE viser ein varm og salt periode som starta i år 2000, og i 2004 vart dei høgste, observerte temperatur og salt verdiane for den atlantiske kjernen registrert her. Oppvarminga nede i djupet pågår stadig, dei siste åra har også saltinnhaldet begynt å auke. Ser på eventuell gevinst ved bytte av utstyr frå vasshentar til miniCTD. Vasshentaren mistar nokre gonger maksimums- og minimumspunkta for vertikalt saltprofil. Eit sonalt snitt i modellen MICOM nær stasjon MIKE blir vald ut. Modellresultata blir samanlikna med observasjonar gjennom 55 år. Generelt er MICOM for kald og fersk. Sesongvariasjonen er overdriven tydeleg og trengjer for djupt ned i vassøyla. Saltsyklusen tyder på at modellen sender den Norske Atlanterhavsstraumen for langt aust. Saltutviklinga til modellen nede i djupet har ingenting med røyndommen å gjere, feilen eskalerer oppover i vassøyla etterkvart som tida går. Observerte og modellerte anomaliar er svært ulike i alle djup, men samanliknings-metoden er diskutabel.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
The authorCopyright the author. All rights reserved