Kaste og deprivasjon. Dalitar sine levekår i Sør-India
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/1591Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Geography [626]
Sammendrag
Målsetting og problemstillingar. Det er eit mål for oppgåva å setja fokus på problemfelt som ofte blir oversett i utviklingsordskiftet når ein leitar etter forklaringar på dalitane sine levekår og livssituasjon. Eg ynskjer å undersøkja og forklara kva det inneber å vera dalit i Sør-India i dag. Problemstillinga er todelt: (1) I kva grad er dalitar fanga i ei deprivasjonsfelle? (2) Er det indiske kastesystemet ein faktor som påverkar og kan forklara denne stoda? Eg skal utdjupa desse problemstillingane og årsakstilhøva, ikkje bevisa gyldigheita av ei hypotese. Av di kastesystemet er komplekst vel eg å gje eitt breitt bilete av kastesystemet. Utgangspunktet for analysen er primært dalitar si eiga forståing av livssituasjon sin. Dette vil eg også setja opp mot sekundære litteraturkjelder og eigne observasjonar.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
The authorCopyright the author. All rights reserved