Valkampen – ei journalistisk høgtid. Korleis dekka journalistar stortingsvalet i 2017, og kva meiner dei sjølve om denne dekkinga i etterkant?
Abstract
Journalistar har ei viktig samfunnsrolle, men denne rolla er under press. Det er viktigare enn nokon gang at journalistar oppfyller sin samfunnskontrakt, der dei sørger for å oppretthalda funksjonen som den fjerde statsmakt i det politiske systemet. Oppgåva undersøker korleis norske journalistar dekka stortingsvalet i 2017, og kva dei sjølve meiner om denne dekkinga. For å finna svar på dette blei metodane kritisk diskursanalyse, semistrukturerte kvalitative intervju og ei spørjeundersøking nytta. Funna viser at journalistar er personfokuserte, og nyttar flittig namn på politikarane direkte i sakene. Ei utfordring er at journalistane er ei homogen gruppe, der bakgrunnen påverkar dei redaksjonelle vala. Det kan oppstå konfliktar i ein kommunikasjonssituasjon mellom lesar, kjelde og journalist. Språket viser seg å vera ein brubyggjar i kommunikasjonen, men kan også nyttast som eit maktmiddel. I dekkinga av stortingsvalet meiner journalistane sjølve at dekkinga av valkampen var god, og at samfunnsoppdraget blei utført.