Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJørgensen, Aase Marie Stølås
dc.date.accessioned2020-07-01T04:48:29Z
dc.date.available2020-07-01T04:48:29Z
dc.date.issued2020-06-30
dc.date.submitted2020-06-29T22:00:22Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/23123
dc.description.abstractDenne sosiologiske studien tar for seg ulike oppfatningar om urettferd i arbeidslivet med utgangspunkt i norske lærarar og industriarbeidarar. Med utgangspunkt i 15 intervju, med lærarar frå ein barne – og ungdomsskule og industriarbeidarar på eit skipsverft, har eg analysert kva dei fokuserer på og korleis dei vurderer sin arbeidskvardag og arbeidssituasjon som rettferdig eller urettferdig. Studien bygg på Dubet (2009) si forsking om urettferd i det franske samfunnet. I følgje han vurderer menneske rettferd etter tre prinsipp: likskap, forteneste og autonomi. Likskapsprinsippet dreier seg i korte trekk om oppfatninga av ein rettferdig hierarkisk orden. Forteneste dreier seg om rettferd vurdert etter innsats og utbytte. Autonomiprinsippet dreier seg om å ha sjølvstende, glede og fridom i arbeidet. Med utgangspunkt i desse tre prinsippa søker denne studien å avdekke på kva måte informantane vurderer rettferd for den yrkesgruppa dei er ein del av. Studiens teoretiske rammeverk inkluderer, i tillegg til Dubet (2009), Rick Fantasia (1998) si studie om kollektiv bevisstheit og solidaritet, Sverre Lysgaard (1961) si studie av arbeidarkollektivet og studie av grensedragningsprosessar gjort av Michèle Lamont (1992) og Ove Skarpenes (2018). Studien gjer også greie for viktige historiske hendingar for dei to yrkesgruppene, samt ei beskrivinga av fagmiljøet informantane er ein del av. Analysen i studien er delt i to. Der første del tek for seg industriarbeidaren, medan neste del tek for seg lærarane. Gjennom analysen kjem det fram at industriarbeidarane vurderte rettferd i stor grad etter likskapsprinsippet der skilnadar mellom dei ulike rollene i arbeidarfellesskapet skulle vere så minimale som mogelege. Analysen av lærarane viser at dei var spesielt oppteken av autonomi og sjølvstende når dei vurderte rettferd. Analysen visar også at oppfatningar om urettferd er mest synleg når informantane opplev at normalen vert trua eller utfordra. Det er nemleg når menneske opplev at noko blir fråteken at ein blir meir bevisst på kva som er rettferdig og ikkje.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleOppfatningar om urettferd i arbeidslivet - ei studie av norske industriarbeidarar og lærarar
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2020-06-29T22:00:22Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106
fs.subjectcodeSOS360
fs.unitcode15-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel