dc.contributor.author | Holstad, Synnøve | |
dc.date.accessioned | 2020-09-02T07:44:20Z | |
dc.date.available | 2020-09-02T07:44:20Z | |
dc.date.issued | 2020-06-16 | |
dc.date.submitted | 2020-06-15T22:00:20Z | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/1956/23953 | |
dc.description.abstract | Kostnadar for disponering av innretningane på norsk sokkel er gjenstand for subsidiæransvaret etter petroleumslova § 5-3 (3). Føresegna vart innført i 2009 og var meint som ei tilpassing av det eksisterande regelverket i ein fase der myndene såg behov for klår regulering av det økonomiske ansvaret for kostnadar knytt til gjennomføring av disponeringsvedtak. Innhaldet og rekkjevidda til subsidiæransvaret er temaet for denne avhandlinga, samanheldt med kva konsekvensar ansvaret har medført i praksis – særleg i forbindelse med garantistilling og skattehandsaming. Utforminga og implementeringa av subsidiæransvaret i 2009 var meint å sikre dekning av disponeringskostnadar og hindre uvisse kring kven som skulle betale den dagen disponering gjer seg gjeldande. Dette målet kan seiast å vere delvis nådd. Avhandlinga syner likevel at regelverket kunne vore tydlegare på kva kostnadar ansvaret reint konkret er meint å inkludere. Meir prekært er konsekvensane subsidiæransvaret fører med seg når det kjem til omfattande garantistillingar og tilhøyrande skatteregulering. Dagens løysing kan minne om eit «fangane sitt dilemma» der alle partar i realiteten tapar, med unntak av bankgarantistane. Avhendar kan rekne med å få mindre betalt for lisensparten ettersom kjøpar må ta høgde for å binde opp likvider til ein garanti. Kjøpar mister dermed fleksibilitet og investeringsmoglegheiter, nettopp fordi kapitalen allereie er bunden. Staten tapar proveny direkte gjennom frådragsregimet ved å blant anna gje frådrag for aktørane sine kostnadar knytt til vedlikehald av dyre garantilån frå bankane. Indirekte tapar staten proveny ved at dagens ordning kan gje ei suboptimal løysing der ein ikkje oppnår så effektiv og økonomisk lønsam utnytting av petroleumsressursane som kunne vore mogleg med eksempelvis ei «etter-skatt»-løysing. Avhandlinga tek såleis til orde for å ta ein nærare kikk på subsidiæransvaret og petroleumsskatteregimet. Basert på erfaringane hausta over det siste tiåret synast alle involverte partar å kunne vinne på dette, riktig nok med unntak av garantistbankane – men så er det heller ikkje staten si oppgåve å støtte opp om bankar gjennom frådragsretten i petroleumsskatteregimet. | en_US |
dc.description.abstract | Investment on the Norwegian continental shelf (NCS) and expenditure on the continued operation of current assets still significantly exceeds what is being spent on decommissioning, despite the fact that decommissioning has come-of-age. Nevertheless, the estimated overall costs for decommissioning are high and the bulk of decommissioning activity on the NCS is yet to take place. With the implementation of the Petroleum Act § 5-3 section three in 2009, the authorities sought to clarify who should carry these costs. The implementation entailed a alternative/secondarily liability for the assignor of a license or a participating interest in a license for the cost of carrying out the decision relating to disposal. This thesis examines the scope and the consequences the implementation of § 5-3 section three has had. As the implementation has led to comprehensive guarantee payments from licensees to their assignor's, today's solution is reminiscent of a "prisoners dilemma" in which all parties in reality lose - with the exception of the banks providing the guarantees. The thesis thus argues for more specialized regulation targeting the petroleum tax regime, in order to avoid what can be seen as a suboptimal solution where one does not achieve as efficient and economically profitable utilization of petroleum resources as could be possible with, for example, an "after-tax" solution for guarantee payments. | en_US |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | The University of Bergen | |
dc.rights | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.subject | Subsidiæransvar Petroleumslova § 5-3 (3) Petroleumsforskrifta Petroleumsskatteregimet Disponeringskostnader Garantiavtalar | |
dc.title | Tidlegare rettshavar sitt subsidiære økonomiske ansvar for gjennomføring av disponeringsvedtak; Ein analyse av petroleumslova § 5-3 tredje ledd si rekkevidd, og om føresegna har synt seg føremålstenleg i praksis | |
dc.title.alternative | An Assignor's Alternative Liability for the Cost of Carrying Out the Decision Relating to Disposal - An Analysis of PA § 5-3 section three and its consequences in practice | |
dc.type | Master thesis | |
dc.date.updated | 2020-06-15T22:00:20Z | |
dc.rights.holder | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.description.degree | Masteroppgåve | |
dc.description.localcode | JUS399 | |
dc.description.localcode | MAJUR | |
dc.description.localcode | MAJUR-2 | |
dc.subject.nus | 737102 | |
fs.subjectcode | JUS399 | |
fs.unitcode | 16-0-0 | |