Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDørmænen, Catoeng
dc.date.accessioned2008-01-31T14:59:28Z
dc.date.available2008-01-31T14:59:28Z
dc.date.issued2007eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/2565
dc.description.abstractAt verda rundt oss er i stadig endring er noko vi etterkvart har begynt å ta innover oss. Eit av kjenneteikna med dei endringane vi har fått spesielt i løpet av det 20. århundre er at verda for oss framstår som mindre. Dette har kome som ein konsekvens av den auka globaliseringa og det Harvey i si tid omtala som ”time-space compression” (Harvey, 1989). Framveksten av betre kommunikasjon og dermed også evna til å flytte på seg, er eit forhold som har bidrege til at vi i dag er i stand til å busetje oss på områder som før var forbeholdt å verte besøkt av ekstremt utrusta ekspedisjonar. I Noreg kjenner vi til tradisjonen landet har som den leiiande i utforskinga av polare strøk. Ei utforsking som i si tid gjekk ut på å finne nye landområder og å erobre dei to polane nord og sør. I dag lever vi i ei tid der slike erobringar ikkje lenger vert sett på som like ekstreme som dei eingong var. Den teknologiske, økonomiske, industrielle og ikkje minst den transportmessige utviklinga, har gjort oss i stand til å busetje oss på stadar som før var forbeholdt nettopp ekspedisjonar og vesen tilpassa slike strøk. Svalbard er eit slikt område. Her har vi gjennom dei siste hundrede åra og meir, vore i stand til å busetje oss og drive industriell utvinning av dei resurssane området har å by på. I dag har Svalbard gått frå å være eit ”company town” (Kleven, 2001) til å verte eit samfunn med stort sett dei innslaga av tilbod som ein finn andre stadar. Det er likevel nokre forhold som gjer at Svalbard og Longyearbyen skiljer seg ut i høve til det klassiske biletet vi gjerne dannar oss om små stadar. Svalbard og Longyearbyen har inga opprinnelig urbefolkning (Marstrander, 2000). Longyearbyen som familiesamfunn er strengt tatt ikkje meir enn 30-40 år gammalt. Ein har heller ikkje det ein omtalar som livsløpsbebuarar og generasjonar på Svalbard. Sjansane for at nokon har besteforeldre på Svalbard er relativt små om ikkje heilt fråverande. På tross av betra teknologi og kommunikasjonsmidlar så står Svalbard framleis i ei stilling der innbyggjarane risikerer å verte totalt isolerte frå omverda i periodar. Dei ekstreme naturforholda som preger øyriket er, på tross av moderne fly og isbrytarar, sjølv i dag i stand til å holde desse på avstand ved enkelte høver. I dette samfunnet finn ein likevel familiar som har busett seg. Barnehagar, skular, kino, butikkar, lag og organisasjonar har vakse fram.no_NO
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleSvalbard – ikkje her, men der palmane er! Tilhørigheit og ambivalens. Eit studie av ´senior-ungdommen` i Longyearbyennob
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderThe authoren_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nob


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel