Rekneark på ungdomstrinnet
Abstract
Problemstillinga i oppgåva var korleis opplever elevane bruk av rekneark i matematikk på ungdomstrinnet. Gjennom eitt år vart ulike reknearkoppgåver prøvd ut i 9./10. klasse. I etterkant henta eg inn data ved hjelp av spørjeskjema, opptaksoppgåver av to og to elevar som løyste utvalde oppgåver og eit gruppeintervju. Eg la vekt på kva fordelar og problem elevane opplevde, og kva ulike typar oppgåver som er relevante for elevane.