Antikk jordbrukslære: Cato, Varro og Columella, dei store læremeistrane, eller resirkulert allmennkunnskap
Abstract
Landbruksforfattarane Cato, Varro og Columella har blitt brukt for å få innsikt i det romerske jordbruket. Dei har skrive manualar for korleis ein skal driva ein villa rustica. Ofte har bruken av desse forfattarane vore prega av at ein går inn i teksten for å henta ut informasjon om eit emne av interesse. Ved å gjera dette mister ein mykje av heilskapen i skildringa. Denne avhandlinga ser på Cato, Varro og Columella som dei manualane dei var tiltenkt å brukast som. Dette blir gjort ved å gå gjennom dei tre viktigaste avlingane, oliven, vindruer og korn, der ein fylgjer skildringa til landbruksforfattarane. Vidare blir det sett på gjødsling og organiseringa av garden. For å vurdera jordbruket vert det antikke materialet samanlikna med moderne litteratur om jordbruk.