Vurdera, representera, fokusera? Ei samanlikning av geografisk representasjonsfokus blant norske og svenske kommunestyrerepresentantar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/12788Utgivelsesdato
2016-05-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Government [473]
Sammendrag
I denne oppgåva tek eg føre meg representasjonsfokuset blant norske og svenske kommunestyrerepresentantar. Representasjonsfokuset til representantane syner kven dei i størst grad meiner det er viktig at dei representerer når avgjerder skal takast og beslutningar gjerast. Hovudfokuset for oppgåva er det geografiske representasjonsfokuset og korleis representantane ser på det å representera ein bestemt geografisk del av kommunen. Studien er gjennomført som ein kvantitativ analyse med utgangspunkt i tal samla inn i samband med MAELG -undersøkinga i 2007, ei felles undersøking av ulike haldningar blant kommunestyrerepresentantar i 16 ulike europeiske land. Hovudfunna i studien syner at det lokale geografiske representasjonsfokuset skil seg frå andre representasjonsfokus blant kommunestyrerepresentantane. Medan representantane i stor grad er einige om kor vidt ei innbyggjargruppe er viktig å representera er det store sprik i kor viktig representantane meiner det er å representera ein bestemt geografisk del av kommunen. Deskriptive analysar og multivariate regresjonsanalysar syner at dei viktigaste variablane for å forklara dei norske og svenske representantane si haldning til å representera einskilddelar av kommunen både er politiske og sosiale. Partitilhøyrsle og det å vera valt inn i kommunestyret på ei lokal liste påverkar begge korleis representantane ser på det å vera representant for ein einskild del av kommunen. På same måte syner det seg at både utdanningsbakgrunn og butid i kommunen heng saman med korleis kommunestyrerepresentantane ser på det å vera representant for ein bestemt geografisk del av ein kommune.