Norske pseudokoordinasjonar. Ein empirisk studie med vekt på sitje, liggje og stå
Abstract
Denne oppgåva handlar om bruken av sitje, liggje og stå som fyrsteverb i norske pseudokoordinasjonar, og i kva grad dei fungerer som hjelpeverb i slike konstruksjonar. Eit av hovudargumenta for deira hjelpeverbstatus er at dei ser ut til å vere på veg til å verte grammatikaliserte, altso at dei oppfyller ein grammatisk funksjon i konstruksjonen (her aspekt/aksjonsart). Oppgåva viser empirisk at sitje, liggje og stå ser ut til å utføre andre oppgåver enn berre å vere posisjonsmarkørar, mellom anna ved at dei svært ofte opptrer med verb som ikkje krev ein bestemt posisjon for å kunne utførast.
Publisher
The University of BergenCopyright
Copyright the author. All rights reservedThe author