Minoritetar på utstilling: Framstillinga av samane og romanifolket sin historie på museumsutstillingar
Abstract
Denne masteroppgåva omhandlar korleis historia til to etniske minoritetar, romanifolket og samane, blir framstilt på museum. Dette er gjort gjennom ein representasjonsanalyse av to museumsutstillingar. Den eine utstillinga er Latjo-Drom: Romanifolkets/taternes kultur og historie, som opna i 2006 og høyrer til på Glomdalsmuseet i Elverum. Denne utstillinga blei utvikla gjennom eit samarbeid mellom Glomdalsmuseet og interesseorganisasjonar frå romanifolket. Den andre utstillinga er Sápmi -en nasjon blir til, som høyrer til på Tromsø Museum og opna i 2000. Utstillinga blei utvikla av fageining for samisk etnografi ved Tromsø Museum.