Ing-ord sin semantikk. Ein kvalitativ og kvantitativ studie av tydingar og tydingsutvikling hjå ing-ord i russiske aviser og i ordbøker (2000-2011)
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/6220Utgivelsesdato
2012-10-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Etter Perestrojka har det kome mange lånord av ulikt slag inn i russisk frå engelsk, mellom anna ei gruppe ord som sluttar på -ing og kan sporast tilbake til former av engelske verb. For desse orda blir det gjerne forstått eit band til verbalhandling eller prosess. Eg har undersøkt ing-ord med mål om å finna eventuelle trekk til felles tyding, eller utvikling av tyding i same retning, hjå orda i russiske aviser. Materialet eg brukte i undersøkinga består av data frå korpuset Nacional'nyj korpus russkogo jazyka, databasen Integrum og russiske og engelske ordbøker. Eg lagde ei liste over alle ing-ord (272 ord) i aviskorpuset til NKRJa-ak, og utførte deretter ein semantisk analyse av fem ing-ord i Integrum og ordbøker. Lista viste at ing-orda i undersøkinga var tematisk heterogene og at dei ikkje hadde eit klårt band til verb. Undersøkinga i Integrum og i ordbøker viste at det har skjedd ei semantisk endring for orda på veg frå engelsk til russisk. Eg såg teikn til eit verbalt band hjå alle fem orda, men dette gav ulike utslag: i mellom anna tyding av aktivitet, hending, resultat av verbalhandling eller ei samling hendingar. Eg fann at den mest typiske konnotasjonen for ing-ord var bunden til modernitet, og at dette dels kan forklarast med at mange ing-ord ikkje har lang fartstid i russisk.