Fokus på og innhald til ikkje-funksjonelle krav innan systemutvikling.
Abstract
Denne oppgåva tek for seg ikkje-funksjonelle krav innan systemutvikling. Oppgåva tek utgangspunkt i fire bøker brukt i systemutviklingsfaget, og ser på kva desse seier om ikkje-funksjonelle krav og bruken av dei ved utvikling av nye informasjonssystem. I tillegg presenterer oppgåva ein modell som kan nyttast ved identifisering og definering av ikkje-funksjonelle krav i eit systemutviklingsprosjekt.