"Like fra is-tiden har befolkningen i det nordlige Norge levet av fisket" Noregs argumenter for torskeførekomstane i internasjonale forhandlingsfora 1949-1994
Abstract
Korleis framstilte og argumenterte Noreg for torskeførekomstane i internasjonale forhandlingsfora 1949-1994? Dette er eit tverrsnittstudie som er oppbygd av tre caser som alle omhandlar Noregs forsvar av torskeførekomstane. 1. Den norsk-britiske fiskerigrensetvist som utvikla seg over 40 år før den enda inn for den internasjonale domstolen i Haag. Korleis forsvarte Noreg sin nasjonaleråderett i høve til fiskerigrensa og dei den nordaustarktiske torsken? 2. Ved den tredje Havrettskonferansen til FN i 1975 kom det eit gjennomslag innan havretten. 200 mils økonomiske soner. Ved innføring av desse sonene fekk kyststatane både forvaltingsrett,- og plikt. Dette gjald i stor grad dei migrerande marine ressursane. I denne samanhenge vart den blanda norsk-sovjetiske fiskerikommisjon oppretta. Eit bilareralt samarbeid om fiskeriforvalting og havforsking. Korleis argumenterte Noreg for torskeførekomstane i denne kommisjonen? 3. Fiskerispørsmåla i forbindelse med Noreg og EFTA sin EF-tilpassing gjennom EØS-forhandlingane. Korleis posisjonerte Noreg seg i desse forhandlingane på fiskerifronten? Kva innspel fekk Regjeringa og EF-delegasjonen frå til dømes Norges Fiskarlag? Her møter ein Noreg som forsvarar sin sjølvråderett over naturressursen torsken i eit tverrsnittstudium som strekk seg over 50 år.