Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKaldestad, Maria Alfsvåg
dc.date.accessioned2021-06-22T00:04:21Z
dc.date.available2021-06-22T00:04:21Z
dc.date.issued2021-06-02
dc.date.submitted2021-06-21T22:00:35Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2760484
dc.description.abstractFøremålet med denne studien er å undersøka korleis fem avgangselevar tolkar diktet «Det ror og ror» (1949) av Tarjei Vesaas. Studien søker innsikt i korleis elevane tolkar saman i ein litterær samtale, kva lesemåtar elevane nyttar i lesinga av diktet, og avgangselevane sine metaperspektiv på tolkingsprosessen. Studien er kvalitativ, og baserer seg på ein fenomenologisk og hermeneutisk tradisjon. Datamaterialet inkluderer tekstanalyse, ikkje-deltakande observasjon av litterær samtale og eit semistrukturert fokusgruppeintervju. Det teoretiske rammeverket i denne avhandlinga omhandlar særleg Wolfgang Iser (1972) og Louise M. Rosenblatt (1983; 2005) si lesarorienterte tilnærming til lesing av skjønnlitteratur. Rosenblatt sine omgrep efferent og estetisk lesing er sentrale for framstillinga av lesemåtar i studien, og er knytt opp mot Judith Langer (2017) si framstilling av førestillingsverder. Laila Aase (2005a) og Åsmund Hennig (2019) sine perspektiv på den litterære samtalen er utgangspunkt for framstillinga av denne. Tolkingsfellesskapet i den litterære samtalen er sett i lys av reader-response teoretikaren Stanley Fish (1976) si framstilling av tolkingsfellesskap, Lev S. Vygotskij (2001) sin teori om den næraste utviklingssona og Mikhail M. Bakhtin (1981) si dialogtenking. Eg gjer òg greie for nyare forskingslitteratur knytt til tolkingsfellesskap og lesemåtar. Aslaug Fodstad Gourvennec (2016a), Tove Sommervold (2011) og Hallvard Kjelen (2015; 2020) sine studiar er særleg sentrale i denne samanhengen. Språkleggjeringa i den litterære samtalen er knytt til James Paul Gee (2012) sine teoriar om primær- og sekundærdiskurs og Sylvi Penne (2010) si framstilling av metaspråk som litterær kompetanse. Eg viser òg til nyare stemmer i forskingslitteraturen knytt til metaspråk – mellom anna Kari Anne Rødnes (2011; 2014) og Dag Skarstein (2013) sine forskingsarbeid. Eg ser innleiingsvis nærare på det teoretiske rammeverket før eg gjer greie for metoden eg har nytta. Vidare presenterer eg funna frå datainnsamlingane og diskuterer dei i lys av teorien før eg når ei avslutning. Resultata i denne studien viser utviklinga i tolkingsprosessen frå tekstrespons til litterær samtale. Tolkingsfellesskapet i den litterære samtalen viser ei utvikling i tolkinga til elevane. Elevane engasjerer seg i teksten fordi dei opplever ein relevans til eigne liv, og dei forventar å finna meining i diktet dei les. Elevane nyttar lite metaspråk i samtalen om diktet, og baserer i stor grad tolkinga si på kjensler. Avgangselevane sine metaperspektiv på tolkingsprosessen viser at dei synest den litterære samtalen er utviklande for forståinga deira av diktet, og dei gir uttrykk for at dei ynskjer seg fleire litterære samtalar i norskfaget slik dei kjenner det.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.title"Me vil finna meininga viss me skal bry oss om eit dikt"
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-21T22:00:35Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeErfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i norsk
dc.description.localcodeNORMAU650
dc.description.localcodeVID-MAUNOR
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNORMAU650
fs.unitcode11-21-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel