Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNokken, Caroline Herland
dc.date.accessioned2021-06-26T00:17:23Z
dc.date.available2021-06-26T00:17:23Z
dc.date.issued2021-06-15
dc.date.submitted2021-06-25T22:00:39Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2761435
dc.description.abstractOffentlege inngrep for å styrke venturekapitalmarknaden er tiltak som er forsøkt i mange land, med ulike strategiar. Desse forsøka har hatt varierande utfall kor nokon lukkast, medan andre har berre blitt ein utgiftspost for staten. Grunnen til at det er behov for slike tiltak, er at det er eit kapitalgap i venturekapitalmarknaden som følgje av den høge risikoen knytt til å gjennomføre venturekapitalinvesteringar. Offentlege tiltak vert set til verks for å tette dette gapet. Eit eksempel på eit slikt tiltak er det norske venturekapitalselskapet Investinor. I denne oppgåva har eg tatt i bruk ein kombinasjon av litteratur- og caseanalyse for å svare på følgande problemstilling: Ser Investinor ut til å bli en suksess ifølge litteraturen om offentlege venturekapitalselskap? Oppgåva er hovudsakleg basert på kvalitative data frå litteraturen, men eg har også tatt i bruk noko kvantitative data i caseanalysen. For å analysere kvantitative data og lage oversikter over funna har eg brukt Microsoft Excel. Gjennom litteratur- og casestudie fann eg at litteraturen gir indikasjonar på at ein har ein crowd-in effekt som følgje av offentleg venturekapitaltiltak, både på marknads- og selskapsnivå. Investinor kan også ha bidratt med å auke aktiviteten i venturekapitalmarknaden gjennom at dei alltid må ha med seg medinvestorar når dei gjennomfører investeringar. I tillegg fann eg at offentlege venturekapitalselskap burde ha fokus på insentiv, gjennomføre gradvis finansiering, gjennomføre grundig screening, tilsette dyktige folk, ta ei aktiv rolle i selskapet og vere fleksibel til endring. Investinor innfrir mange av desse anbefalingane. Til slutt fann eg at 7 av 25 avhendingar har vore suksessfulle og at selskapet har hatt relativt låge avkastningar i tidsperioden 2010 til 2019, spesielt samanlikna med hovudindeksen. Oppsummert ser Investinor ut til å bli ein suksess ut frå funna om at Investinor bidreg til å auke aktiviteten i venturekapitalmarknaden, og at selskapet innfrir mange av anbefalingane frå litteraturanalysen om design, men Investinor ser ikkje ut til å bli ein suksess dersom ein ser på suksessindikatorane.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectOffentleg venturekapitaltiltak
dc.titleAnalyse av offentlege inngrep i venturekapitalmarknaden
dc.title.alternativeAnalysis of public intervention in the venture capital market
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-25T22:00:39Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve
dc.description.localcodeECON391
dc.description.localcodePROF-SØK
dc.description.localcodeMASV-SØK
dc.subject.nus734103
fs.subjectcodeECON391
fs.unitcode15-15-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel