Show simple item record

dc.contributor.authorGiljarhus, Ingelin Braig
dc.date.accessioned2021-06-30T23:55:33Z
dc.date.available2021-06-30T23:55:33Z
dc.date.issued2021-06-02
dc.date.submitted2021-06-30T22:00:08Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2762648
dc.description.abstractFantasybøkene Blekkhjerte av Cornelia Funke og Den uendelige historie skrevet av Michael Ende er begge barne- og ungdomsromanar, men skal i denne oppgåva også sjåast på som danningsromanar. I forteljingane møter me to protagonistar, Meggie og Bastian, som på kvar sin måte blir forma både av det miljøet som dei veks opp i og den fantastiske verda dei møter på. Bøker spelar ei stor rolle for begge to, blant anna lærar dei om mot og styrke, og dei får kunnskap om korleis dei kan handtere ulike situasjonar gjennom kunnskap dei har fått frå forteljingar. I tillegg til danning meir generelt vil difor lesing og lesinga si betydning for danninga belysast særskilt i denne masteroppgåva. Viktig blir det difor å undersøkje lese- og forteljarferdigheita til protagonistane Meggie og Bastian nærare. Både Meggie og Bastian utviklar ein eller fleire eigenskapar gjennom konfrontasjon med det som dei møter på i den reelle verda samt den fantastiske verda. Difor er interesseområde for oppgåva, korleis ein kan sjå på fantasyromanar som danningsromanar, korleis «danning» kjem til syne, samt kva avgjersle protagonistane tar som er relevante for danning hjå unge lesarar. Målet med oppgåva er å få generell innsikt i korleis tema og ulike motiv frå fantastisk barne- og ungdomslitteratur kan bidra til læringsprosessar blant unge lesarar. Med hjelp frå Carsten Gansel (2010) sitt spørjeskjema, som omhandlar korleis ein kan analysera figurar gjennom ulike spørsmål, skal eg gjennomføre ein figuranalyse med vekt på psykologiske utviklings- og danningsprosessar. Sentrale omgrep som danning, fantasi, det fantastiske samt sjangrar som dannings- og utviklingsroman vert nærare definert og diskutert. Analysen vil slik syne korleis dei to romanane både skil seg frå kvarandre og samstundes har mange like trekk, til tross for dei over 20 åra som ligg mellom dei to publikasjonane.
dc.language.isodeu
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleFantasyromane als Bildungsromane- Lesen als Weg zur Bildung bei Meggie und Bastian aus Tintenherz und Die unendliche Geschichte.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-30T22:00:08Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeTysk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeTYS350
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeMAHF-TYS
dc.subject.nus711127
fs.subjectcodeTYS350
fs.unitcode11-20-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record