Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEide, Thomas Noven
dc.date.accessioned2021-10-28T05:52:06Z
dc.date.available2021-10-28T05:52:06Z
dc.date.created2021-10-27T16:16:50Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.issn2535-2512
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2826088
dc.description.abstractKritisk tenking er ein føresetnad for politisk danning i den norske einskapsskulen. Samtidig er sosial reproduksjon av klasseskilje eit vedvarande trekk ved det norske utdanningssystemet, noko som reiser spørsmålet om kva rolle klassebakgrunn spelar i danningsprosessen. Denne studien ser på to sider ved ulike elevar si deltaking i samfunnskunnskapsundervisinga. For det første korleis elevar møter undervisingssituasjonar der dei lærer ferdigheiter i kritisk tenking, for det andre korleis dei meistrar kritisk tenking i desse undervisingssituasjonane. Studien byggjer på eit fem månader langt feltopphald i to skuleklassar på vestlandet. Resultata viser for det første at kritisk tenking var lågt prioritert, men kunne observerast i elevaktive undervisingssituasjonar slik som klasseromsamtalar, rollespel og vurderingssituasjonar. For det andre var det betydelege klasseskilje i korleis elevar møtte og meistra kritisk tenking. Fleire av middelklasseelevane møtte faget på ein aktiv måte og meistra kritisk tenking om politiske spørsmål. Til samanlikning hadde elevar med arbeidarklassebakgrunn tilbaketrekt framtoning i undervisingssituasjonane og viste lite kritisk tenking. Nordamerikansk forsking har kritisert medborgaropplæringa i samfunnskunnskap for å ha ein middelklasse-bias grunna manglande relevans for arbeidarklasseelevar. Funna mine viser at den norske einskapsskulen ikkje skil seg ut på dette punktet. Mikro-mekanismane i skulekvardagen er undersøkt basert på Bourdieu sitt habitusomgrep. Til liks med Lareau (2011) finn eg at middelklasseelevane si framferd er kjenneteikna av «sense of entitlement» og arbeidarklasseelevar av «sense of constraint». Eg omsett dette til rettkomen og bandlagd framferd. Å vere rettkomen er både naudsynt og lønnsamt for å meistre dei krevjande undervisingssituasjonane der kritisk tenking vert utvikla. Artikkelen viser at vilkåra for politisk danning ikkje er like. Kunnskap om korleis samfunnskunnskap er innretta og verkar på elevane, er nødvendig om skulen skal nå målet med å løfte alle til kritisk tenkjande samfunnsmedlem.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversitetsforlageten_US
dc.rightsNavngivelse-Ikkekommersiell 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/deed.no*
dc.titleKritikk i samfunnskunnskap: rettkomne og bandlagde elevar. Ein kvalitativ studie av klasseskilje på ein vidaregåande skuleen_US
dc.title.alternativeCritique in Norwegian social studies – pupils with sense of entitlement versus sense of constraint. A qualitative study of social class differences in an upper secondary schoolen_US
dc.typeJournal articleen_US
dc.typePeer revieweden_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.rights.holderCopyright 2021 Author(s)en_US
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
cristin.qualitycode1
dc.identifier.doihttps://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2021-05-01
dc.identifier.cristin1949023
dc.source.journalNorsk sosiologisk tidsskriften_US
dc.source.pagenumber4-18en_US
dc.identifier.citationNorsk sosiologisk tidsskrift. 2021, 5 (5), 4-18.en_US
dc.source.volume5en_US
dc.source.issue5en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse-Ikkekommersiell 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse-Ikkekommersiell 4.0 Internasjonal