• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Earth Science
  • Master theses
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Earth Science
  • Master theses
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Rekonstruksjon av bredemde sjøar ved Gråfjellsbrea, Folgefonna

Kvalnes, Marte Eimind
Master thesis
Thumbnail
Åpne
master thesis (4.794Mb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2827080
Utgivelsesdato
2021-09-15
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Master theses [75]
Sammendrag
Global oppvarming og smeltande brear fører til aukande fare knytt til stabiliteten av bredemde sjøar og drenering ved jøkullaup. Eit jøkullaup er ei brå tapping av ein bredemd sjø med påfølgjande stor vassføring som igjen kan gje katastrofale følgjer i brenære område. Potensialet for jøkullaup frå brearmen Gråfjellsbrea på Folgefonna i Vestland fylke er undersøkt med mål om å bidra med meir kunnskap rundt konsekvensane av bresmelting i framtida. I denne studien er det utført kartlegging kring Urdavatnet og langs dreneringsløpet til eit eventuelt jøkullaup frå Gråfjellsbrea, presentert som eit kvartærgeologisk kart over nedslagsfeltet til Mysevatnet i Kvinnherad kommune. Innsjøsedimentkjernar er henta inn frå Mysevatnet og vidare analysert på EARTHLAB ved Institutt for geovitenskap. Fysiske og magnetiske eigenskapar av sedimenta er identifisert ved visuell logging, magnetisk susceptibilitet (MS), gråskalaverdiar og visualisering av CT-data. Resultata viser at Gråfjellsbrea demmer opp eit vatn framom fronten, som i framtida kan føre til jøkullaup mot den regulerte innsjøen, Mysevatnet. Dersom smeltinga ved Gråfjellsbrea fortset, vil det kunne skje eit jøkullaup som kan frigjere 276 000 m3 smeltevatn. Veks breen derimot fram kan eit større og djupare vatn dannast og heile 3,2 millionar m3 smeltevatn vil kunne tappast ved jøkullaup. Sedimentstudien frå Mysevatnet viser at det har vore flaumar truleg forårsaka av jøkullaup gjennom dei siste 3000 kal. år BP. Identifiserte brå endringar i innsjøsedimentet og kartlegginga nedstraums Urdavatnet tyder på fleire periodar med høg vassføring. Resultata frå denne studien samanlikna med andre studiar kring Folgefonna peikar på at jøkullaup frå Gråfjellsbrea kan koplast til endringar i klima, særleg i forbindelse med framvekst av breen.
Utgiver
The University of Bergen
Opphavsrett
Copyright the Author. All rights reserved

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit