dc.contributor.author | Bjørndal, Linn Therese Malkenes | |
dc.date.accessioned | 2022-01-11T10:16:38Z | |
dc.date.issued | 2021-12-03 | |
dc.date.submitted | 2022-01-10T23:00:05Z | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2836860 | |
dc.description.abstract | Føremålet med oppgåva er å finna ut korleis barnehagelærarar arbeider med å gje støtte i det allmennpedagogiske tilbodet til barn på småbarnsavdeling. Masteravhandlinga omhandlar barnehagelærarar sitt arbeid med tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet på småbarnsavdeling. Problemstillinga var Korleis arbeider barnehagelærarar med å leggja til rette det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte på småbarnsavdeling? og forskingsspørsmåla var: 1. Korleis forstår barnehagelærarar betydinga av «tidleg innsats» på ei småbarnsavdeling? 2. Kva for kunnskap og kompetanse meiner barnehagelærarar at personalet treng for å fremje samspel og relasjonar blant små barn i barnehage? 3. Korleis arbeider barnehagelærarar for at personalet på avdelinga utviklar ei felles forståing av kva som ligg i uttrykket «tidleg innsats»? Som forskingsmetode vart det brukt ein sosialkonstruktivistisk tilnærmingsmåte, med eit hermeneutisk perspektiv for tolking og ei temaanalyse av data med deduktiv og induktiv tilnærming til teoriperspektiv. Datainnsamlinga eller -produksjonen var i form av kvalitative semistrukturerte intervju, med førehandsutforma intervjuguide. Funna drøftast i eit lys av ulike omgrep og perspektiv, samt gjeldande lovverk og aktuell forsking. Hovudfunna var «God overgang frå heim til barnehage» som handlar om å gje borna ein god overgang mellom tida heime, til å vere deltakar i eit større landskap, med både jamaldringar og nye tilknytingspersonar. «Gode kvardagar i barnehagen» summerer dei tiltaka barnehagelærarane fortel om i intervjua. «Personalet – kompetente rollemodellar som deler kunnskap» inneheld moment om personalet si viktige rolle som vaksen rollemodell og deira kunnskapsdeling. I drøftinga ser ein at betydninga av «tidleg innsats» på småbarnsavdeling viste seg fleire gonger som eit stadig tilbakevendande emne. Det vart påpeikt korleis grunnlaget for borna på ein slik måte at ein ikkje treng ekstra tilrettelegging sidan. For å fremje samspel og relasjonar på småbarnsavdelingar er kunnskapar om leik, samspel og ikkje minst ei anerkjennande haldning essensielle å inneha i personalet. Det er også nyttig å reflektere rundt den maktposisjonen ein som tilsett har i høve barnet, berre i form av å vere vaksen. Ei felles forståing av kva som ligg i uttrykket «tidleg innsats» kjem til syne ved eit nært samarbeid i personalgruppa med felles refleksjon, nærleik til borna og gode rollemodellar. Barnehagelærarar arbeider med å leggja til rette det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte på småbarnsavdeling ved å rekne det som at alle borna har behov for tilrettelegging. | |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | The University of Bergen | |
dc.rights | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.subject | inkludering av jamaldringar | |
dc.subject | rammeplan for barnehage | |
dc.subject | tidleg innsats | |
dc.subject | kunnskap og kompetanse | |
dc.subject | relasjonar | |
dc.subject | støtte | |
dc.subject | tilknyting | |
dc.subject | barnehage | |
dc.title | Gjer ein skilnad - Ei kvalitativ undersøking om barnehagelærarar sitt arbeid med tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet på småbarnsavdeling | |
dc.type | Master thesis | |
dc.date.updated | 2022-01-10T23:00:05Z | |
dc.rights.holder | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.description.degree | Masteroppgåve i pedagogikk | |
dc.description.localcode | PED396 | |
dc.description.localcode | MAPS-PEDIK | |
dc.subject.nus | 724112 | |
fs.subjectcode | PED396 | |
fs.unitcode | 17-42-0 | |