Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRefsnes, Mathias Teigen
dc.date.accessioned2022-06-25T00:21:54Z
dc.date.available2022-06-25T00:21:54Z
dc.date.issued2022-05-20
dc.date.submitted2022-06-24T22:00:36Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000801
dc.description.abstractDenne avhandlinga tek for seg dikt-eposet Leaves of Grass (Gresstrå på norsk) av Walt Whitman og tradisjonen han etablerte gjennom verket, i relasjon til blogging. Leaves kom først ut i 1855 og er eit verk som ikkje har late seg fange inn i enkle kategoriar, eller utgåver (Whitman gav ut nye utgåver heilt til han gjekk bort i 1892). Gjennom Leaves skildra Whitman seg sjølv, naturen, samfunnet og universet med slik kraft at han har vorte ståande som ein sentral figur i amerikansk poesi den dag i dag. Sentralt for denne avhandlinga er korleis Whitman skildra seg sjølv til sine lesarar og gjennom den skildringa skapte eit fellesskap som framleis lever. Whitman vart rekna som arrogant, skammeleg og pervers i sin samtid, men i vår notid står han fram som svært nær med blogging, som også byggjer på å presentere seg sjølv for å skape samhald gjennom den presentasjonen av identitet. Dette har med åra ført til ein ubevisst kjensle av at Whitman på fleire vis er ein forløpar til bloggkulturen, som denne avhandlinga tek opp og utforskar. Avhandlinga gjer reie for bloggen og hans kopling til Whitman, slik det står fram i media frå 2010-talet. Denne koplinga vart så undersøkt gjennom ein større tradisjon av sjølv-presentasjon, nemleg «sjølvet sine teknologiar» av den franske filosofen Michel Foucault. Foucault såg ein lang linje i korleis mennesket formar seg sjølv gjennom korleis det skriv seg sjølv, dette blir teken i betraktning for analysen av Whitman og blogginga. Avhandlinga tek også opp bloggen i perspektiv av historia den ber i media. Utvalde dikt frå Leaves of Grass vert analysert opp mot «sjølvet sine teknologiar» og bloggen, med fokus på korleis Whitman diktar både seg sjølv og lesarane sine inn i ein felles stad, som her vert kalla «det imaginære rom». Gjennom det tek oppgåva opp korleis dette vært overført til blogg-tradisjonen, gjennom analyse av tre ulike eksempel. Den ser på to forsøk på å bære Whitman sin persona inn i sosiale media gjennom Facebook og Twitter og analyserer korleis Whitman sin persona kjem til uttrykk der. Til sist kjem arbeidet til Steve Roggenbuck, ein blogg-poet som i åtte år publiserte dikt gjennom sosiale media, som forsøk på å følgje Whitman sin tradisjon inn til blogging. Avhandlinga analyserer arbeidet hans på YouTube og diskuterer korleis tradisjonen han følgjer kjem ut gjennom blogging. Funna kan bane veg for seinare diskusjonar om både korleis Whitman er relevant for bloggen og korleis litterære fellesskap vært danna gjennom det digitale.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectblog
dc.subjectFacebok
dc.subjectblogging
dc.subjectsocial media
dc.subjectYouTube
dc.subjectTwitter
dc.subjectFacebbok
dc.subjectWalt Whitman
dc.subjecttechnologies of the self
dc.subjectpoetry
dc.subjectLeaves of Grass
dc.subjectpersona
dc.titleWhitman on TweetDeck: Community and Self Through Walt Whitman's Leaves of Grass and Blogging
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-06-24T22:00:36Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgave
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel