Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrønstad, Anne Lise
dc.date.accessioned2022-06-27T07:24:50Z
dc.date.issued2022-06-01
dc.date.submitted2022-06-24T22:00:04Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000966
dc.descriptionPostponed access: the file will be accessible after 2024-06-01
dc.description.abstractMasteroppgåva har som formål å undersøkje om det er ein potensiell samanheng mellom observerte holocene skredhendingar og jordskjelv eller om det er tsunami, i Sulafjorden og i innsjøsedimenter på Hareidlandet. Problemstillinga skal undersøkjast ved ein kombinasjon av undersøkingar av både marine og landbaserte geologiske arkiv. I tillegg vart det utført modellstudium der jordskjelv og tsunami vart testa som moglege utløysingsmekanisme for dei observerte skreda. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB, NTNU og Statens vegvesen, der moglege løysningar for fjordkryssingar med «Ferjefri-E39-Sulafjorden» inneber installasjonar på fjordbotnen. Ein stor mengde maringeologisk- og geofysisk data har vorte samla inn av Fugro på oppdrag av Statens vegvesen, og av UiB på to tokt med F/F G.O. Sars. I dette studiet er det vorte utført litologisk skildring av ti marine kjerneprøvar frå Sulafjorden, kor fem av dei er valgt som referansekjernar til å representere fjordstratigrafien i Sulafjorden. Frå ein av dei marine kjerneprøvane er fem 14C dateringar analysert på Lunds Universitet, med estimert aldersintervall 7731 – 7982 kal. år BP frå øvre del av ein turbiditt avsetjing som bekreftar avsetjingstidspunktet Storegga tsunamien råka Sulafjorden. Tolking av batymetrisk og geofysisk data, indikerer at det har gått fleire store skred i fjorden samtidig. Tidlegare dateringar tydar på at desse skreda skjedde for mellom 8000 - 10 000 år sidan. Dette samanfattar med alderen på Storeggaskredet som er datert til omlag 8200 år sidan. Det er òg kjent at Storeggaskredet genererte ein tsunami som oversvømte kystlinjer i Norge, i Nordsjøen området og på Grønland. Kva som utløyste Storeggaskredet og tsunamien er framleis eit ope spørsmål. Ein teori kan vera at det var eit jordskjelv. Det er òg eit ope spørsmål om dei skreda som er observert i Sulafjorden kan vera utløyst av tsunamien etter Storeggaskredet vart initiert. Skreda kan òg vera direkte utløyst av eit jordskjelv, kanskje det same som kan ha utløyst Storeggaskredet. På bakgrunn av desse opne spørsmåla, har eit presist marint dateringsgrunnlag ramma inn dei observerte skredhendingane i tidsrommet Storegga tsunamien råka Sulafjorden. Supplering med modellstudium av fjordskråningsstabilitet med fokus på effektane av tsunamibølgja og seismisk last har gitt eit estimat på sikkerhetsfaktoren. Feltarbeid ved innsjøar på Hareidlandet vart utført med motivasjonen om moglege jordskred som kan ha vore utløyst av same jordskjelvet som Storeggaskredet. Aldersestimat frå erosive grenser i lakustrine kjerner bekrefta at skreda førekom i tidleg holocen, 11 000 -11 700 kal. år BP, og vart dermed ikkje utløyst i same tidsrom som Storeggaskredet vart utløyst.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleHolocene skredhendingar i Sulafjorden og på Hareidlandet, Sunnmøre
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-06-24T22:00:04Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i geovitskap
dc.description.localcodeGEOV399
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.subject.nus756199
fs.subjectcodeGEOV399
fs.unitcode12-50-0
dc.date.embargoenddate2024-06-01


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel