Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHagen, Idunn Øye
dc.date.accessioned2022-07-01T00:09:19Z
dc.date.available2022-07-01T00:09:19Z
dc.date.issued2022-06-01
dc.date.submitted2022-06-30T22:01:44Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3001954
dc.description.abstractArbeidsminnet er ein funksjon i hjernen for å mentalt manipulere informasjon. Arbeidsminnet har avgrensa kapasitet og varigheit, noko som er sentralt i undervisningssamanheng fordi det påverkar elevar sine evner til å behandle og tilarbeide informasjon. I tillegg er det individuelle forskjellar i storleiken på arbeidsminne og kognitiv kapasitet blant elevar, noko som gjer at dei har ulike føresetnadar for å manipulere informasjon. Kunnskap om og tilrettelegging for arbeidsminnet sine avgrensingar kan dermed ha betydning for elevar si læring. Denne studien handlar om å undersøke kva biologilærarar veit om avgrensingar i kognitiv kapasitet og arbeidsminne, i tillegg til korleis dei legg til rette for desse avgrensingane. Dette er formulert i følgjande problemstilling: «Kva veit biologilærarar om arbeidsminnet, og korleis bruker dei denne kunnskapen i biologiundervisning?». Tre biologilærarar på vidaregåande skular i Bergensområdet deltok i studien. Data vart samla inn gjennom kvalitative semi-strukturerte intervju, der ein intervjuguide vart brukt. Analyse av datamaterialet vart gjort ved hjelp av transkribering, og vidare koding og kategorisering i dataprogrammet NVivo. Funna indikerer at biologilærarane er klar over at elevar har avgrensa kapasitet for tilarbeiding av informasjon, at kapasiteten varierer individuelt, og at dei må ta omsyn til dette i undervisning for å unngå å overbelaste elevar. Strategiar dei nemnde for å legge til rette for avgrensingar i kognitiv kapasitet og arbeidsminne var mellom anna å kople ny informasjon til kunnskap som er kjend for elevane, repetere, tilpasse mengde stoff som blir gjennomgått i timane, bryte opp undervisninga i bolkar og bruke meir tid på stoff som er komplisert. Resultata tyder på at lærarane har lite kunnskapar knytt direkte til omgrepa «kognitiv kapasitet» og «arbeidsminnet», men at dei likevel har relevante kunnskapar om tilrettelegging for dette i undervisning.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectArbeidsminnet
dc.titleBiologilærarar sine kunnskapar om arbeidsminnet
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-06-30T22:01:44Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i biologi
dc.description.localcodeBIO399K
dc.description.localcodeMAMN-BIO
dc.subject.nus751999
fs.subjectcodeBIO399K
fs.unitcode12-60-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel