Når er innsynskrav avgjort i tide? - Ei utgreiing om «utan ugrunna opphald»-vurderingane etter offentleglova § 29 første ledd andre punktum
Master thesis

View/ Open
Date
2022-06-24Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Law [2653]
Abstract
I denne oppgåva gjer eg greie for gjeldande rett om formuleringa "utan ugrunna opphald" i offentleglova § 29 første ledd andre punktum. Denne føresegna regulerer saksbehandlingstida ved førstegongsbehandling av innsynskrav. Lovteksten er knapp, og forarbeida gir nokså avgrensa rettleiing under konkrete «utan ugrunna opphald»-vurderingar. Borgarane manglar dessutan reell moglegheit til å prøva slike vurderingar i domstolane. Dermed finst det ikkje rettspraksis om formuleringa, men det føreligg like fullt eit stort praktisk behov for rettsavklaring. Då står ein igjen med forvaltingspraksis og praksis frå Sivilombodet. Forvaltinga har derimot ein veldokumentert skepsis til allmenn innsynsrett, som òg kan hevdast å visa igjen i nyare rapportar frå Riksrevisjonen. På bakgrunn av dette, samt funksjonalitets- og ekspertise-omsyn, argumenterer eg for at ombodspraksis bør få større vekt på dette rettsområdet enn elles. Med utgangspunkt i ein slik tankegang, føretek eg ein systematisk gjennomgang av all ombodspraksis knytt til formuleringa i offentleglova § 29 og i forgjengaren, offentlighetsloven § 9 første ledd. Standpunkta som kjem til uttrykk i praksisen må kunna bli korrigert på bakgrunn av relevante forvaltingsrettslege omsyn, og særleg omsyna som ligg til grunn for innsynsretten. Standpunkta må dessutan kunna bli korrigert på bakgrunn av dei praktiske realitetane i forvaltinga, som bl.a. Riksrevisjonen sine rapportar gir innsikt i. Omsyn og realitetar blir altså styrande for kva praksis som kan gi uttrykk for gjeldande rett. Det er tatt høgde for dette i denne oppgåva, som bl.a. gir innsikt i kva grunngjevingar som potensielt kan legitimera saksbehandlingstid utover utgangspunktet på ein-tre verkedagar, samt innsikt i vekta til potensielt legitime grunngjevingar.