Er oljen den nye oljå? Ei undersøking av grammatisk hokjønn i Stavanger
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3022420Utgivelsesdato
2022-09-29Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [274]
Sammendrag
I denne masteroppgåva har eg undersøkt korleis språkbrukarane i Stavanger realiserer og viser samsvar med grammatisk hokjønn. Empirien i studien er sosiolingvistiske talemålsopptak frå 2010 og 1981, i tillegg til eksterne intervju frå 1982. Opptaka er gjennomført av Kristine Nymark Aasen og Finn Gabrielsen, tidlegare hovudfagsstudentar ved Universitetet i Bergen, og inneheld aldersgruppene yngre, midaldra og eldre. Talemålet i Stavanger kunne tidlegare delast opp i eit høgstatus- og ein lågstatusvarietet. I dag vert lågstatusdialekta rekna som den ekspansive og einerådande varieteten i Stavanger. I undersøkinga har eg valt ut sju språklege variablar, der grammatisk kjønn avgjer kva for ei t som kongruerer med femininum og maskulinum. Studien viser at det er stor variasjon mellom variablane. Samstundes ser det ut til at mange av variablane held seg stabile. Det er få ingen indikasjonar til genussamanfall, men tendensar til endring av genussystemet. Mine resultat viser at den sosiale variabelen kjønn tilsynelatande ikkje påverkar variasjonen.