"Det maniske anfallet kan begynna snikande" : metaforbruk om stemningslidingar
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2011Metadata
Show full item recordCollections
Original version
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift. 2011, 29 (2), 263-292.Abstract
Artikkelen rapporterer om ei undersøking av metaforisk språkbruk i fagfeltet psykiatri, nærare bestemt språkbruk om stemningslidingar. Materialet består av utdrag frå ei lærebok i psykiatri, frå ei populærvitskapeleg framstilling av same emnet og frå ein nettdiskusjon for menneske med diagnosen bipolar. Resultata stadfestar det synet at metaforar er uunngåelege i forståing og formidling av abstrakte fenomen, og at metaforar kan verka transformativt så vel som deskriptivt, dvs. at endring i metaforbruk om eit fenomen kan føra til ei endring av korleis vi oppfattar fenomenet. Det vil seia at språkbruken om menneskesinnet verkar inn på vår oppfatning av oss sjølve og andre. For språkbruken til psykiatrar gjeld det dessutan at språkbruken deira kan sjåast som ein type kvalifiseringar: Dersom ein psykiater gjev ein person diagnosen bipolar, då "er" personen bipolar. Skilnadene i metaforbruk mellom tekstane ligg i hovudsak på det språklege planet, ikkje på omgrepsplanet.