Å skriva laboratorierapportar i kjemi på universitet Ein studie av å læra akademisk skriving
Master thesis
View/ Open
Date
2022-12-20Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [93]
Abstract
I naturvitskaplege emne i høgare utdanning møter studentar på den akademiske skrivinga gjennom laboratorierapportar. Å skriva laboratorierapport er ei tradisjonell form for etterarbeid som byggjer på mange av dei same prinsippa som forskingsartiklar gjer og har ofte to formål. Studentane skal utvikla sine fagkunnskapar gjennom å knyta teori og praksis saman. Og studentane skal læra å skriva akademisk som ei førebuing til større oppgåver knytt til utdanninga og formidling av framtidig forskingsarbeid. I denne masteroppgåva er diskusjonsdelen av laboratorierapportar i eit innføringsemne i organisk kjemi frå eit universitet undersøkt. Målet med oppgåva er å undersøkja kvaliteten i diskusjonane gjennom å identifisera meistringar og utfordringar studentane har med å skriva dei, i tillegg til å sjå på utviklinga av den akademiske skrivinga til studentane over tid. Funna i analysen viser at studentane i liten grad skriv argumenterande og ikkje alltid trekk inn relevante resultatverdiar i sine grunngjevingar. Studentane viser også liten utvikling over tid. Det blir argumentert for at ferske studentar trass i å ha god skrivekompetanse frå skulen høgst synleg har lite erfaring med å skriva argumenterande i naturvitskaplege fag. Det blir vidare trekt fram at ein føresetnad for skriveutvikling hos studentane er at dei treng gode tilbakemeldingar og rettleiing i prosessen. Oppgåva konkluderer med at studentar har behov for skrivetrening og god rettleiing i å skriva ein argumenterande tekst. Det blir lagt fram ulike endringsforslag til praksisane kring rapportskrivinga. Mellom anna blir det føreslått å retta fokuset i undervisinga tilknytt rapportskrivinga mot diskusjonen og å dela rapportskrivinga opp i mindre delar.