Show simple item record

dc.contributor.authorDale, Karoline Folgerø
dc.date.accessioned2023-01-26T00:56:37Z
dc.date.available2023-01-26T00:56:37Z
dc.date.issued2022-12-20
dc.date.submitted2023-01-25T23:00:11Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3046421
dc.description.abstractI naturvitskaplege emne i høgare utdanning møter studentar på den akademiske skrivinga gjennom laboratorierapportar. Å skriva laboratorierapport er ei tradisjonell form for etterarbeid som byggjer på mange av dei same prinsippa som forskingsartiklar gjer og har ofte to formål. Studentane skal utvikla sine fagkunnskapar gjennom å knyta teori og praksis saman. Og studentane skal læra å skriva akademisk som ei førebuing til større oppgåver knytt til utdanninga og formidling av framtidig forskingsarbeid. I denne masteroppgåva er diskusjonsdelen av laboratorierapportar i eit innføringsemne i organisk kjemi frå eit universitet undersøkt. Målet med oppgåva er å undersøkja kvaliteten i diskusjonane gjennom å identifisera meistringar og utfordringar studentane har med å skriva dei, i tillegg til å sjå på utviklinga av den akademiske skrivinga til studentane over tid. Funna i analysen viser at studentane i liten grad skriv argumenterande og ikkje alltid trekk inn relevante resultatverdiar i sine grunngjevingar. Studentane viser også liten utvikling over tid. Det blir argumentert for at ferske studentar trass i å ha god skrivekompetanse frå skulen høgst synleg har lite erfaring med å skriva argumenterande i naturvitskaplege fag. Det blir vidare trekt fram at ein føresetnad for skriveutvikling hos studentane er at dei treng gode tilbakemeldingar og rettleiing i prosessen. Oppgåva konkluderer med at studentar har behov for skrivetrening og god rettleiing i å skriva ein argumenterande tekst. Det blir lagt fram ulike endringsforslag til praksisane kring rapportskrivinga. Mellom anna blir det føreslått å retta fokuset i undervisinga tilknytt rapportskrivinga mot diskusjonen og å dela rapportskrivinga opp i mindre delar.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectakademisk skriving
dc.subjectKjemididaktikk
dc.subjectdiskusjon
dc.subjectlaboratorierapport
dc.subjectforsøksrapport
dc.titleÅ skriva laboratorierapportar i kjemi på universitet Ein studie av å læra akademisk skriving
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-01-25T23:00:11Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i kjemi
dc.description.localcodeKJEM399K
dc.description.localcodeMAMN-LÆRE
dc.description.localcodeMAMN-KJEM
dc.subject.nus752299
fs.subjectcodeKJEM399K
fs.unitcode12-31-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record