Mindfulness-basert kognitiv terapi (MBCT) ved depresjon hjå eldre – ein litteraturgjennomgang
Abstract
Depresjon rammar ein betydeleg del eldre og har blitt knytt til fleire negative konsekvensar. Implementering av effektiv depresjonsbehandling for denne voksande gruppa vil bli stadig viktigare. Mindfulness-basert kognitiv terapi (MBCT) har vist lovande effekt ved pågåande og tidlegare depresjon hjå yngre aldersgrupper. Målet med denne litteraturgjennomgangen var å bygge vidare på desse funna og undersøke effekt av MBCT for eldre som opplever, eller har opplevd, depresjon. Systematiske søk i relevante databasar resulterte i åtte studiar. Tre av desse var randomiserte og kontrollerte (RCT-studiar). Resultat frå litteraturgjennomgangen indikerer at MBCT potensielt kan redusere depressive symptom hjå eldre med aktuell depresjon. Få deltakarar med tidlegare depresjon fekk tilbakefall på depresjon, men berre to ikkje-kontrollerte studiar undersøkte dette i eit meiningsfullt tidsrom. Det vart rapportert om få negative opplevingar av behandling. På grunn av få kontrollerte studiar, stor grad av fråvær og metodologiske avgrensingar i dei inkluderte studiane må desse funna tolkast med varsemd og sjåast på som midlertidige. Det totale utvalet deltakarar utgjorde ei homogen gruppe menneske, noko som vidare vanskeleggjer generalisering av funna. Fleire RCT-studiar med aktive kontrollgrupper, samt inkludering av eit breiare utval deltakar, er naudsynt for å med større sikkerheit kunne anbefale MBCT som depresjonsbehandling for eldre. Late-life depression, affecting a significant portion of the growing elderly population, is related to several negative consequences. Implementation of effective treatment is urgent. Mindfulness-based cognitive therapy (MBCT) has shown promise in treating depression and preventing relapse in younger age groups. Therefore, this literature review aimed to examine the efficacy of MBCT in treating older individuals with current or past depression. Searches in Web og Science, PsycINFO and MEDLINE yielded eight studies, of which three were randomized and controlled (RCTs). The results indicates that MBCT might potentially reduce depressive symptoms in elderly with current depression. Few participants with past depression reported depressive relapse after treatment, but only two non-controlled studies explored this aspect in a meaningful period. Little adverse effects were reported in the eight studies. With few controlled studies, methodological limitations, and a considerable attrition rate in the included studies, these findings should be interpreted with caution and considered preliminary. Moreover, the participants in the included studies constituted a homogeneous group of people, which poses a challenge to the generalizability of the findings. More RCTs with active control groups, and the inclusion of a wider selection of participants, are needed to confidently recommend MBCT as a treatment option in the broad older population.