Show simple item record

dc.contributor.authorPetterteig, Morten Mellesdal
dc.date.accessioned2023-06-22T00:01:03Z
dc.date.available2023-06-22T00:01:03Z
dc.date.issued2023-05-15
dc.date.submitted2023-06-21T22:00:57Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3072552
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er ei undersøking av raseriet i Abo Rasul sin trilogi Skandinavisk Misantropi, ein serie som består av romanane The Cocka Hola Company (2001), Macht und Rebel (2002) og Unfun (2008), med utgangspunkt i at romanane primært er ideromanar. Formålet med oppgåva er å identifisere kva rolle raseriet speler i dei ideane som trilogien utforskar. Raseriet blir undersøkt ved å nytte eit utval teoritekstar om kjensla, med hovudvekt på Peter Sloterdijk si bok Rage and Time (2006) som handlar om raseriet si rolle i den vestlege historia. Ein av hovudideane som Sloterdijk presenterer er ideen om at raseri er ein ressurs som kan investerast og forvaltast som all annan kapital. Dette går att i mi lesing av Skandinavisk Misantropi. Særleg ideen om at raseri kan bli investert i eit raseriprosjekt er sentral i min analyse. I tillegg til dei teoretiske tekstane om raseri nyttar oppgåva seg av tidlegare lesingar og inntrykk av romantrilogien, då primært andre oppgåver som tek for seg ein eller fleire av bøkene i serien, men den tar òg i bruk publiserte artiklar og avisresepsjon. Oppgåva går først i gang med å gjere greie for og snevre inn raseriomgrepet slik det blir forstått i undersøkinga. Vidare tar eg for meg kvar roman i trilogien i kronologisk rekkefølge, og identifiserer og undersøkjer raseriet i dei. Den første romanen blir undersøkt uavhengig av dei to andre. Den andre romanen blir undersøkt og til dels samanlikna med den første og deretter blir den tredje romanen undersøkt og til dels samanlikna med dei to førre. Avslutninga er ei oppsummerande samanlikning av raseriet i dei tre romanane, følgd av ein konklusjon. Eg konkluderer med at raseriet spelar ei stor rolle i trilogien og at mange av ideane som blir utforska på eit vis er knytt til denne kjensla. Alle romanane har eit raseriprosjekt som ein eller fleire av hovudpersonane investerer raseriet sitt i, med varierande resultat. Raseriet i bøkene er ofte knytt til tanken om at det ikkje lenger er mogleg å gjere meiningsfull motstand mot det tolerante storsamfunnet. Venstresida sitt raseriprosjekt er ikkje lenger eit alternativ og den sinte energien til karakterane treng ein annan stad å gå. Min avsluttande konklusjon er at raseriet i romanane peiker framover mot det reaksjonære og høgreekstreme raseriet som kom fram i dagslyset på 2010-talet, med framveksten av høgrepopulistiske politikarar og ekstreme forum på internett. Raseriet i Skandinavisk Misantropi kan difor lesast som eit tidleg døme på politiske tendensar som skulle bli svært utbreidd det neste tiåret.
dc.description.abstractThis MA thesis is an investigation of rage in Abo Rasul’s trilogy Skandinavisk Misantropi, a series consisting of the novels The Cocka Hola Company (2001), Macht und Rebel (2002) and Unfun (2008), with the understanding that the novels primarily explore ideas. The purpose of the thesis is to identify what role rage plays in the ideas that the trilogy explores. In this investigation of rage, I apply a selection of theoretical works on the feeling, with a primary focus on Peter Sloterdijk’s book, Rage and Time (2006), who deals with rage’s role in western history. One of the main ideas that Sloterdijk presents is the idea that rage is a resource that one can invest and manage like all other forms of capital. This idea is present in my reading of Skandinavisk Misantropi. Especially the idea that rage can be invested into a project is key in my analysis. In addition to these theoretical works on rage, the thesis uses earlier readings and impressions of the trilogy, primarily other theses about one or more of the books in the series, but it also uses published articles and the initial newspaper reception of the books. The thesis starts off with explaining how I understand the use the term “rage” in the investigation. Then I do a reading of each novel in the trilogy in chronological order and identify and investigate the rage present in them. The first novel gets investigated independently, while the following novel gets investigated and compared to the first one. The third novel then gets compared to the two preceding novels. The end of the thesis is a summatory comparison of the rage in the three novels, followed by a conclusion. I conclude that rage plays a large role in the trilogy, and that many of the ideas that are explored are connected to the emotion in some way. All the novels have a rage project that one or more of the main characters invest their rage in, with varying results. The rage in the books is often connected to the thought that it is no longer possible to participate in meaningful resistance to the tolerance of society. The rage project of the left is no longer an alternative, and the angry energies of the characters need somewhere else to go. My finishing conclusion is that the rage in the novels point forwards towards the reactionary and far-right rage that became prevalent in the 2010s, with the rise of right-wing populist politicians and extreme web forums. The rage in Skandinavisk Misantropi can therefore be read as an early example of political tendencies that would become mainstream the following decade.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleHat og forakt i det tjueførste hundreåret - ei undersøking av raseriet i Abo Rasuls Skandinavisk Misantropi
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-06-21T22:00:57Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.description.localcodeMAHF-LÆNO
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record