Show simple item record

dc.contributor.authorMeijer, Jeffrey Jacobus Maximilian
dc.date.accessioned2023-07-25T23:40:49Z
dc.date.available2023-07-25T23:40:49Z
dc.date.issued2023-06-02
dc.date.submitted2023-07-25T22:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3081378
dc.description.abstractDenne studien har hatt målet om å finne fram til kva som kjenneteikna krisehandteringa under søk- og redningsaksjonen i Gjerdrum, og kva som forklare korleis den blei handtert. I media og ulike rapportar blei denne søk- og redningsaksjonen hylla som ein suksess prega av god koordinering. For å finne ut kva som kjenneteikna krisehandteringa og forklare kvifor aktørane handla slik dei gjorde brukar eg teori kring koordinering, handlingslogikk, og kommunikasjon. Studien ser på krisekoordineringa i samband med vertikal og horisontal koordinering, samt kor sentralisert avgjerslestrukturen var. Vidare ser studien på kommunikasjonstydelegheit, informasjonsflyt og situasjonsforståing for å sjå på kva som prega kommunikasjon på staden. Til slutt brukar studien handlingslogikken passandelogikk og improvisasjon for å forklare handlingane til aktørane involvert i søk- og redningsaksjonen. For å kunne finne fram til dette har det blitt utført ein casestudie med åtte semi-strukturerte intervju med informantar som alle tok del i det operative søk- og redningsarbeidet under Gjerdrumskredet, og som tilhøyrar organisasjonane Oslo Universitetssjukehus (OUS), Nedre Romerike brann og redning (NRBR), Øvre Romerike brann og redning, Øst politidistrikt, Norsk Folkehjelp og Ullensaker Røde Kors. I tillegg har eg analysert fleire analyser og evalueringar som ser på skredet i Gjerdrum, og som tar for seg søk- og redningsaksjonen. Dokumenta som blir brukt mest er evalueringa til NRBR, evalueringa til hovudredningssentralen, og analysen til OUS. Analysen og konklusjonen til studien viser til ein krisehandtering prega av mange aktørar, ein formelt sentralisert koordinering for avgjersler, men ein meir uformell desentralisering kvar aktørar hadde skjønn i arbeidet sitt. Kommunikasjonen hadde samansette kjenneteikn, kvar tydelegheita ikkje var perfekt, situasjonsforståinga varierte ut ifrå fase og involvert risiko, samt at informasjon blei delt opent på nokon måtar, og var meir lukka på andre måtar. Til slutt baserte aktørane handlingane sine både ut ifrå kva som var passande, slik som reglar, roller prosedyrar eller øvingar, men aktørane baserte seg også på improvisasjon og det å måtte tenke nytt under tidspress.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectGjerdrum
dc.subjectkommunikasjon
dc.subjectkrisehandtering
dc.subjectpassandelogikk
dc.subjectkrise
dc.subjectimprovisasjon
dc.subjectSkred
dc.subjectkvikkleire
dc.subjectkoordinering
dc.titleEit skred av utfordringar
dc.title.alternativeA Landslide of Challenges
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-07-25T22:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap
dc.description.localcodeAORG350
dc.description.localcodeMASV-AORG
dc.subject.nus731111
fs.subjectcodeAORG350
fs.unitcode15-12-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record