Arbeidsmiljølova sitt vern om deltidstilsette sin rett til høgare stillingsprosent - Kva er vernet etter §§ 14-3 og 14-4 a etter endringa av § 14-3, og er vernet styrka i tilstrekkeleg grad?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3115719Utgivelsesdato
2023-12-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [85]
Sammendrag
Undersysselsetting er uttala å vere eit hinder for reell likestilling. Arbeids- og inkluderingsdepartementet viser òg til at undersysselsetting påverkar inntekt, pensjonsrettar og moglegheita for karriere i negativ retning. For å motverke undersysselsetting, inneheld arbeidsmiljølova mellom anna ein fortrinnsrett til utvida stilling og ekstravakter i § 14-3, og ein rett til stilling tilsvarande faktisk arbeidstid i § 14-4 a. Aml. § 14-3 har med verknad frå 1. januar 2023 fått eit vidare verkeområde, og det uttalast i lovproposisjonen at utvidinga av vernet er eigna til å styrke retten etter § 14-4 a, jf. Prop. 133 L (2021-2022) s. 29.
Oppgåva si problemstilling er kva vern deltidstilsette har om retten til høgare stillingsprosent etter §§ 14-3 og 14-4 a etter endringa av § 14-3, og om vernet et tilstrekkeleg styrka.