Forsvarleg opprydding ved utvinning av havbotnmineral: miljørettslege rammer for kravet til "forsvarlig opprydding" i havbotnminerallova § 5-1
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3115752Utgivelsesdato
2023-12-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [139]
Sammendrag
Hovudproblemstillinga i avhandlinga er kva som er omfanget av plikta til "forsvarlig opprydding" i havbotnminerallova § 5-1. I lys av at Noreg si potensielle rolle som det første landet med kommersiell utvinning av havbotnmineral, tek framstillinga føre seg miljørettslege regelverk og omsyn som er relevante for opprydding under havbotnmineralverksemd. Analysen inkluderer påverknaden frå internasjonale konvensjonar og nasjonale miljøregelverk på tolkinga av oppryddingsplikta. Forfattaren diskuterer òg forureining- og avfallshandteringsregelverket, og behovet for tilpassing for å handtere utfordringane knytt til havbotnmineralverksemd. Konklusjonen understrekar miljøomsynet si vekt i vurderinga av om rettshavaren si løpande opprydding er forsvarleg, mellom anna ved handtering av overskotsmassar og utstyr, deponering, tilbakefylling og restaurering. The thesis deals with cleanup procedures during the extraction of seabed minerals from an environmental legal standpoint, with a specific focus on the licensee's obligation for "prudent cleanup" outlined in the Seabed Minerals Act § 5-1. Given Norway's potential role as the first nation to engage in commercial seabed mineral extraction, the study explores environmental legal frameworks and considerations. The analysis encompasses the impact of international conventions and national environmental regulations on the interpretation of the cleanup duty. The author also deliberates on pollution and waste management regulations, emphasizing the need for adaptation to address challenges associated with seabed mineral operations. The conclusion underscores the legal holder's ongoing duty for proper cleanup, encompassing the management of surplus materials, removal of extraction equipment, and backfilling/restoration.