Being with friends and having fun! : Music therapy with refugee children in a Norwegian primary school context
Abstract
Flyktningbarn kan være utsett for svært belastande livsomstende, og helse og utvikling er i stor grad avhengig av trivsel og livskvalitet i landet dei reetablerer seg i. Skulen er ein viktig utviklingskontekst, men forsking viser at for å kunne ivareta flyktningbarn sine komplekse behov er det nødvendig å vidareutvikle arbeidsmåtar og system i skulen. Eksisterande forsking og praksiserfaring indikerer at musikkterapi kan være ei aktuell støtte for flyktningbarn, men det er framleis lite forsking på dette feltet. Målet for dette doktorgradsarbeidet var å bidra til kunnskap om flyktningbarn si helse og utvikling ved å utforske korleis musikkterapi kan være ein del av skulen sitt psykososiale arbeid med å ivareta barn med fluktbakgrunn.
Doktorgradsprosjektet består av tre, kvalitative studiar som utforskar ulike aspekt av korleis musikkterapi kan bidra til psykososial trivsel. Eksisterande forsking indikerer at musikkterapi kan støtte flyktningbarn i å handtere belastningar, samt være ein sosial ressurs på skulen. I forskingsfeltet er det lite fokus på samspelet mellom musikkterapi og skulesystem og korleis musikkterapi kan bidra til å løyse utfordringar skulen står i. Det er også lite forsking på yngre barn si oppleving og forståing av musikkterapi. Dette dannar utgangspunkt for følgande, overordna forskingsspørsmål: Korleis kan musikkterapi i barneskulekontekst bidra til flyktningbarn sin psykososiale trivsel? Dette overordna forskingsspørsmålet har blitt undersøkt i tre studiar, med følgande forskingsspørsmål:
• Korleis beskriv lærarar på ein norsk barneskule sitt psykososiale arbeid med flyktningbarn?
• Kva er flyktningbarn sine perspektiv på å delta i musikkterapi på ein norsk barneskule?
• Korleis kan deltaking i musikkterapi være ei støtte for flyktningbarn si samhandling med andre barn på skulen?
Studie 1 adresserer situasjonen på skulen, og bidrar til innsikt i skulekvardagen og dannar ei kontekstuell forståing av korleis musikkterapi kan være relevant. Studie 2 undersøker barna sine opplevingar og forståingar og bidrar til kunnskap om musikkterapi basert på barn med fluktbakgrunn sine perspektiv. Forskingsspørsmål 3 tok utgangspunkt i funn frå studie 2, og gav innsikt i korleis musikkterapi kan støtte flyktningbarn si deltaking i vennefellesskapet.
Doktorgradsprosjektet tar utgangspunkt i eit hermeneutisk vitskapssyn. Ei kildekritisk evaluering av innsamling og behandling av empirisk materiale, samt dei hermeneutiske sirklane forforståing-forståing og del-heilheit har vært sentrale element i å sikre ei refleksiv gjennomføring av forskingsprosessen.
Det empiriske materialet vart samla inn på ein barneskule i Norge. Skulen var vertskap for eit utviklingsprosjekt der musikkterapi vart brukt som ein del av skulen sitt arbeid med å ta i mot flyktningbarn som kom til området. Empirisk materiale bestod av intervju med lærarar og barn, i tillegg til deltakande observasjon av musikkterapitimer. Transkripsjon av intervju vart tematisk analysert. I bearbeidinga av observasjonar frå musikkterapitimer vart tilnærmingar frå case studie tatt i bruk, og materialet analysert ved hjelp av ei sirkulær og abduktiv tilnærming, med gradvis utvikling og undersøking av tematisk fokus.
Det teoretiske rammeverket er informert frå bioøkologiske og sosiokulturelle perspektiv, i tillegg til traumeinformerte perspektiv. Bioøkologiske perspektiv på flyktningbarn si helse og utvikling fokuserer på samhandling mellom individ og kontekst, og korleis kontekstuelle faktorar i reetableringsfasen påverkar barna si helse og utvikling. Økologiske og sosiokulturelle perspektiv på musikkterapi beskriv korleis deltaking i ulike typar musikalsk aktivitet bidrar til å komme i kontakt med personlege og sosiale ressursar som støtter opp om helse og utvikling. Innanfor denne teoretiske konteksten er også sosiale perspektiv på læring nytta, spesifikt Lave og Wenger sine teoriar om deltaking og læring i praksisfellesskap. Traumeinformerte perspektiv har dessutan belyst korleis belastning kan påverke barn si utvikling, samt informert diskusjonen om korleis musikkterapi kan bidra. Dei traumeinformerte perspektiva som er nytta fokuserer på relasjonelle aspekt av terapi, helse og utvikling, med spesifikt fokus på affektregulering.
Dei overordna funna i avhandlinga peiker på at den psykososiale støtta musikkterapi kan bidra med handlar om å gi tilgang til gode relasjonelle og emosjonelle opplevingar i ein musikalsk kontekst. Funn kan diskuterast i tre, overordna tema: Deltaking i vennefellesskap, Oppleve emosjonelt velvære, og Reguleringsstøtte. Barna sine narrativ beskriv å bruke musikkterapitimar som eit vennefellesskap, der dei i samhandling med andre barn utviklar musikalske ressursar som støtter deira vidare samhandling. I lærer-intervjua er samhandling med vennefellesskap også eit viktig tema, og både studie 1 og anna forsking belyser at å nære vennskap og deltaking i vennefellesskap er ein viktig del av å fremme flyktningbarn si helse og utvikling i reetableringsfasen. Emosjonelt velvære var også eit svært viktig aspekt av barna sine opplevingar i musikkterapi, med spesielt fokus på å ha det gøy og oppleve vitalitetsendring. Dette aspektet kan relaterast til intervjua med lærarane, som fokuserte mykje på ulike typar omsorg, retta mot å sikre barna sin trivsel på skulen. Opplevingar av emosjonelt velvære er dokumentert i mange studiar på musikkterapi, og trer fram som ein svært viktig komponent i forståinga av korleis musikkterapi kan bidra. Reguleringsstøtte, beskriv korleis musikkterapi kan bidra til å handtere uro, og er eit tema som kjem fram i alle dei tre studiane. Dette aspektet er også beskrive i eksisterande forsking på lærerperspektivet samt i litteratur om musikkterapi. Innsikt frå dette doktorgradsarbeidet bidrar til å ytterlegare belyse korleis musikkterapi kan gi tilgang til ulike typar reguleringsstøtte.
Dei praktiske implikasjonane av doktorgradsarbeidet peiker i retning av å gi flyktningbarn tilgang til musikalsk læring i fellesskap med andre barn, samt fokusere på aktivitetar som barna syns er gøy og trivst med. Forskinga peiker også på at ulike typar strukturell, musikalsk og relasjonell reguleringsstøtte kan være hensiktsmessig å integrere i praksisen. Å planlegge og plassere musikkterapipraksisen slik at ein tilrettelegg for samhandling med venner er essensielt, sidan dette mogleggjer den nødvendige samhandlinga og delte kunnskapsutviklinga mellom barna. Innsiktene frå forskinga peiker dessutan på at det kan være viktig å være bevisst på korleis barna bruker musikk frå den omkringliggande musikalske kulturen, og kva for sosiale funksjoner dei musikalske preferansane deira har.
Funn frå dette doktorgradsprosjektet peiker på at det er behov for meir forsking på samanhengane mellom deltaking i musikkterapi og barna si utvikling av sosiale relasjonar og vennskap. Framtidig forsking bør prioritere å undersøke barna si utvikling av ulike typar ressursar i musikkterapi og korleis desse blir overført og brukt i andre sosiale kontekster. Det er også behov for meir forsking på korleis barn som er prega av belastande livsomstende kan ha nytte av musikkterapi. Her vil det være spesielt viktig å utvikle eit teoretisk rammeverk, som gjer oss betre i stand til å forstå kvifor det å ha det gøy og å ta del i positive emosjonelle og relasjonelle opplevingar kan være viktige element i musikkterapi. Til sist er det behov for meir forsking på korleis musikkterapi kan være ei støtte for heilt nykomne barn, då dette er eit område det generelt er fokusert lite på innanfor musikkterapifeltet. Refugee children can be adversely affected by prolonged and stressful life circumstances, and their life conditions and wellbeing during resettlement significantly impact their health and development. The school is a vital developmental environment for refugee children, but research shows that schools need to update and improve their practices to better accommodate refugee children’s needs. Although research and practice suggest that music therapy can be a relevant support for refugee children, the existing research in this field is still limited. Therefore, the aim of the present PhD project was to contribute to knowledge on refugee children’s health and development, by exploring how music therapy might support their psychosocial wellbeing within a primary school context during resettlement.
The PhD project consists of three qualitative research studies, each exploring aspects of how music therapy could contribute to the psychosocial wellbeing of refugee children within a school environment. Existing research and practice suggest that music therapy has the potential to aid refugee children in navigating challenging life circumstances and providing them with social support during school hours. However, there is a gap in addressing the challenges faced by the school system and how music therapy can contribute to the schools’ efforts in supporting refugee children. Additionally, there is a lack of exploration into how younger children experience music therapy. Against this background, the main research question for the PhD project is: How might music therapy in a primary school setting contribute to the psychosocial wellbeing of refugee children? This overarching question has been investigated in three studies, exploring the following research questions:
• How do teachers in a Norwegian primary school describe their approach to addressing the psychosocial needs of refugee children?
• What are the perspectives of refugee children regarding their participation in music therapy as part of their school day in a public primary school in Norway?
• How can participation in music therapy in a primary school nurture refugee children’s readiness to collaborate with peers?
Study 1 addressed the situation within the school, and informed the development of a contextual understanding of how music therapy could be relevant. Study 2 examined the experiences of the children and informed an understanding of music therapy based on refugee children’s perspectives. Ultimately, the research question for study 3 was formulated based on findings from study 2 and provided insight into how music therapy can support participation in the peer community .
The theoretical framework draws on bioecological and sociocultural perspectives as well as trauma-informed perspectives. Bioecological perspectives on refugee children’s health and development emphasize the significance of the interplay between the individual and social conditions and highlight the importance of ensuring their wellbeing in resettlement. Further on, ecological and sociocultural perspectives on music therapy delve into how access to various forms of musical engagement as a part of people’s developmental ecology may be a resource for health. Within this framework, the theories of Lave and Wenger have been applied to discuss processes of situated, musical learning in a musical community. In addition, trauma-informed perspectives have been incorporated to enhance the comprehension of how adverse experiences and prolonged stress might influence the health and development of refugee children, as well as how music therapy might be helpful. These trauma-informed perspectives emphasize interpersonal and relational aspects of therapy, health and development, particularly focusing on affect regulation.
The PhD project was framed within a hermeneutic paradigm. Hermeneutic perspectives have guided the research process, both in relation to the collection of empirical material and processes of analysis and interpretation. A source critical evaluation of the collection of and type of material, as well as the hermeneutic circles of pre-understanding – understanding and part-whole have all played a central role ensuring a reflexive execution of the research process.
The empirical material was collected at a primary school in Norway. The school hosted a music therapy project implemented as part of the school’s efforts to support children with a refugee background. The empirical material included interviews with teachers and children, along with participatory observations of music therapy sessions. Interview transcripts were analysed using thematic analysis, while participant observations underwent analysis following a case study approach, progressively narrowing down on questions and issues in an abductive and iterative process.
The findings from the three studies suggest that the psychosocial support music therapy may contribute with relates to offering access to rewarding relational and emotional experiences. The findings are discussed in terms of three overarching themes: Engaging with the peer community, Experiencing emotional wellbeing, and Finding regulating experiences. The children’s narratives placed a strong emphasis on appropriating music therapy sessions as a peer community, and using this community to cultivate musical resources which bolstered their ongoing interaction with peers. Fostering participation in the peer community stood out as an important element also in the teachers’ accounts, and both the current research project and previous research suggest that fostering positive peer relations is a central component of promoting refugee children’s psychosocial wellbeing within the school context. Furthermore, Experiencing emotional wellbeing is a significant aspect of the children’s experiences in music therapy, with an emphasis on the concept fun. The children’s emphasis on fun and wellbeing may align with the teachers’ focus on providing emotional care and support. These insights, along with other research, suggest that offering opportunities for emotionally rewarding experiences is an important aspect of how music therapy may contribute to children’s psychosocial wellbeing in the school setting. The third overarching theme, Finding regulating experiences describes aspects of supporting the children in coping with emotional distress, a topic explored throughout the three studies. This aspect is also discussed in previous research on teachers’ perspectives as well as in the music therapy literature. Findings from the PhD project thus further illuminate how music therapy may support emotional coping.
The practical implications of findings include facilitating opportunities for musical learning in collaboration with peers and focusing on activities that children find to be fun and rewarding. Furthermore, the research points to the relevance of integrating regulating experiences, considering structural, relational, and musical aspects, to promote emotional coping. Moreover, placing the music therapy practice in proximity to the peer community is essential, as this facilitates necessary interaction and shared development of musical knowledge with peers. As a part of this, it is recommended to be aware of the children’s appropriation of music from the surrounding culture and the social functions of their preferred music.
Based in the outcomes of the PhD project, it is suggested to further study the relationship between music therapy practice and the establishment of social connections and friendships among children during school hours. Findings also suggest the need for further exploration of the development of various resources in music therapy, as well as their transfer and utilization in other social contexts. Moreover, there is a need for additional research on how music therapy can support children affected by trauma. In this regard, the development of a more comprehensive theoretical framework for understanding the role of fun and other emotionally and relationally rewarding experiences might be relevant. Lastly, future research is recommended to address the needs of newly arrived children, an area that has received limited attention within the field of music therapy.
Has parts
Paper 1: Enge, K. E. A., Stige, B., Nordanger, D. Ø. The child and the community: A focus group study exploring teacher perspectives on their work with refugee children. The article is not available in BORA.Paper 2: Enge, K. E. A., Stige, B., Nordanger, D. Ø. Refugee children’s perspectives on participating in music therapy: A qualitative study. The article is not available in BORA.
Paper 3: Enge, K. E. A., & Stige, B. (2022). Musical pathways to the peer community: A collective case study of refugee children’s use of music therapy. Nordic Journal of Music Therapy, 31(1), 7-24. The article is available at: https://hdl.handle.net/11250/2989314