Show simple item record

dc.contributor.authorMikkelsen, Liv Marta Gonzalez
dc.date.accessioned2024-07-11T23:54:17Z
dc.date.available2024-07-11T23:54:17Z
dc.date.issued2024-05-15
dc.date.submitted2024-05-15T11:02:36Z
dc.identifierNOLISP350 0 O ORD 2024 VÅR
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3140455
dc.description.abstractMastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen Mai 2024 Student: Liv Marta Gonzalez Mikkelsen Rettleiar: Torodd Kinn Tittel: Omtrent rett nynorsk Undertittel: Ei undersøking av lektorstudentar sin kjennskap til nynorsk rettskriving Ein lærar som har utdanna seg på eit lektorprogram, får undervisingskompetanse på 8.-13. trinn. Det er på desse trinna elevane får opplæring i sidemål. Likevel står det ikkje noko i rammeplanen for lektorutdanninga om at studentane skal opparbeide seg ein viss språkkompetanse i dei to skriftspråka. Det er studieplanen på dei enkelte institusjonane som i dag skal sørge for det faglege innhaldet. Ettersom bokmål er mest brukt i samfunnet, er det òg å forvente at dei fleste startar på lektorstudiet med sidemålskompetanse i nynorsk. Særleg for lektorstudentar i nordisk er det nødvendig å få opplæring i nynorsk i løpet av studiet. Kommande norsklærarar bør ha ein tospråkleg skriftkompetanse som er betre og grundigare enn den dei starta studiet med. Denne masteroppgåva har difor tatt sikte på å undersøke korleis nynorskkompetansen til ei gruppe lektorstudentar er, mot slutten av studieløpet. Problemstillinga er: Korleis rettar lektorstudentar nynorsk, og kva kompetanse i nynorsk rettskriving kjem fram av rettingane? Materialet er samla inn ved å gjennomføre eit språkvitskapeleg eksperiment der informantane har retta ein tekst på nynorsk som har fått redigert inn rettskrivingsfeil. Desse feila fordeler seg på sju ulike feilkategoriar. Rettingane til lektorstudentane gjev både eit innblikk i kva kjennskapar dei har til nynorsk rettskriving, og kva dei vil leggje vekt på som normaktørar. Dei samla resultata viser at lektorstudentane har varierande kjennskapar til den nynorske skriftnorma. Funna viser at sjølv om dei fleste kjente godt til presensbøying av svake og sterke verb, hadde mange likevel vanskar med preteritumsbøying. Lektorstudentane visste at det var ulike reglar for passiv i nynorsk og bokmål, men mange var usikre på korleis nynorske passivkonstruksjonar såg ut. Dei kjente òg til bøyingsmønstera for dei tre genusa, men hadde større utfordringar med å få rett genus på substantiva. Det var òg eit viss samsvar i resultata i rettingane og informantane si eigenvurdering av nynorskkompetansen. Avslutningsvis kjem eg med forslag til kva Universitetet i Bergen kan gjere for å sørge for at lektorstudentane får ei opplæring som utviklar god nynorskkompetanse.
dc.description.abstractMaster’s thesis in Scandinavian Studies Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies University of Bergen May 2024 Student: Liv Marta Gonzalez Mikkelsen Tutor: Torodd Kinn Title: Almost correct Nynorsk Subtitle: A study of teacher students’ knowledge of Nynorsk orthography A teacher who has completed a teacher education program gains teaching qualifications for grades 8th13th. It is at these grades that students receive education in their second language standard of Norwegian. However, there is no mention in the framework plan for teacher education programs that teacher students should develop a certain level of language proficiency in the two written Norwegian languages. It is the study plan of each individual institutions that today should ensure the academic content. Since Bokmål is the most widely used in society, it is also expected that most teacher students start their teacher education with secondary language proficiency in Nynorsk. Especially for teacher students in Scandinavian Studies, it is vital to include training in Nynorsk during their studies. Future Norwegian teachers should have a bilingual written language proficiency that surpasses their initial level of competence when they started their studies. Therefore, this master's thesis aims to investigate the Nynorsk proficiency of a group of teacher students towards the end of their studies. The research question is: How do teacher students correct Nynorsk, and what competence in Nynorsk orthography is evident from their corrections? The material is collected by conducting a linguistic experiment in which informants corrected a text in Nynorsk that had been edited to include certain orthographic errors. These errors are divided into seven different categories. The corrections made by the teacher students will gain insight into both their knowledge of Nynorsk orthography and what they prioritize as norm influencers. The overall results show that teacher students have varying levels of familiarity with Nynorsk orthography. The findings indicate that although most were familiar with present tense conjugation of weak and strong verbs, many still struggled with past tense conjugation. Teacher students knew there were different rules for the passive voice in Nynorsk and Bokmål, but many were unsure of what Nynorsk passive constructions looked like. They also knew the inflections for the three grammatical genders, but had greater difficulties in determining the correct gender for the nouns. There was also some correspondence between the results of the corrections and the informants' self-assessment of their Nynorsk proficiency. Finally, I provide suggestions for what the University of Bergen can do to ensure that teacher students receive a training that develops strong Nynorsk proficiency.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectnynorskkompetanse
dc.subjectlektorstudentar
dc.subjectnynorsk
dc.subjectnynorskopplæring
dc.subjectnynorsk rettskriving
dc.titleOmtrent rett nynorsk: Ei undersøking av lektorstudentar sin kjennskap til nynorsk rettskriving
dc.title.alternativeAlmost correct Nynorsk: A study of teacher students’ knowledge of Nynorsk orthography
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-05-15T11:02:36Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMastergradsoppgave i nordisk spr�k og litteratur
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeMAHF-LÆNO
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record