Young L1 Norwegian-L2 English Students' Engagement with Climate and Environmental Communication
Abstract
Vår tids største utfordringar er klima- og miljørelaterte, og dei yngre i samfunnet er bekymra for framtida. I tillegg blir klima- og miljøutfordringane på verdsbasis ofte diskutert på engelsk. Dette betyr at personar som ikkje har engelsk som førstespråk til ei viss grad må forhalda seg til kommunikasjon om klima og miljø på eit framandspråk. Føremålet med denne masteroppgåva er å utforska konsekvensane av dette.
Denne oppgåva fokuserer på eit utval bilingvale personar som har tileigna seg norsk som førstespråk og engelsk som andrespråk, og som i tillegg studerer engelsk på universitetsnivå. Gjennom spørjeundersøkingar, både på engelsk og norsk, spør eg utvalet om dei engasjerer seg i klimakommunikasjon, kva for språk dei føretrekkjer når dei engasjerer seg i klimakommunikasjon, og kvifor dei har ulike språkpreferansar angåande kommunikasjonen. Vidare undersøkjer eg om språket klima- og miljøkommunikasjonen er på har ein effekt på korleis dei forheld seg til kommunikasjonen. Eg undersøkjer ogso om deltakarane sitt kjønn og sin politiske ståstad, samt språket kommunikasjonen er på, har ein effekt på korleis dei forheld seg til kommunikasjonen. Meir spesifikt undersøkjer eg om deltakarane er meir bekymra for klimakrisa når dei blir spurde på norsk enn når dei blir spurde på engelsk, og om dei er meir villige til å handla miljøvennlig, og dermed meir utilitaristisk, på andrespråket sitt enn på førstespråket sitt. Undersøkinga av språkeffektar er hovudsakeleg basert på tidlegare studiar som viser at bilingvale personar har ein sterkare kjenslemessig reaksjon på verbal stimuli på deira morsmål enn sitt andrespråket. Vidare er studien basert på forsking som indikerer at bilingvale personar kan handla annleis, og gjerne meir utilitaristisk, i møte med dilemma på andrespråket sitt samanlikna med førstespråket sitt.
Resultata viste at deltakarane i undersøkinga har ei mild interessa i klimakommunikasjon og at dei føretrekkjer å oppsøkja engelsk klimainformasjon. I tillegg føretrekkjer dei å diskutera klimaendringane på norsk ettersom samtalepartnarane deira generelt sett er norske, men sjølv om dei har denne perferansen, var det nokon som medgav at dei kodeveksla til Engelske klimarelaterte ord. Vidare viste deltakarane for det mesta mest bekymring angåande klimakrisa når dei vart spurde på norsk, men når det gjeld kjønn og politisk ståstad, indikerte resultata at grada av eksisterande kjenslemessig investering i klimakrisa, som var høg blant dei kvinnelege og venstreorienterte deltakarane, kan ha forhindra den kjenslemessigeeffekten av førstespråket. I tillegg indikerte resultata at mindre kjenslemessig investering i klimakrisa, som det var blant dei mannlege deltakarane, dei høgreorienterte deltakarane og deltakarane usikre kring eigen politisk ståstad, kan ha forsterka effekten. Til slutt, når det gjeld miljøvenneleg åtferd viste resultata truleg ingen språkeffekt på deltakarane. Det vart spekulert at dette var eit resultat av den sterke påverkninga Engelskspråkleg kultur har på nordmenn generelt.
Description
Postponed access: the file will be accessible after 2025-05-15. Revised version. Minor spelling and formatting errors corrected.