Show simple item record

dc.contributor.authorSagen, Kari
dc.contributor.authorSteine, Astrid-Anett
dc.date.accessioned2024-08-08T06:47:31Z
dc.date.available2024-08-08T06:47:31Z
dc.date.issued2024-05-13
dc.date.submitted2024-05-13T12:01:48Z
dc.identifierEXECUTIVE670 0 OPPG ORD 2024 VÅR
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3145226
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tematiserer personellomsorg i samband med kritiske hendingar. Me har studert dette i vår eigen organisasjon for å finna ut kor god den profesjonelle omsorgsforståinga er, og om me kan finna forklaringar på kvifor nokon er betre til dette enn andre. Kommunen har mange yrkesgrupper der nokre er selekterte og har utdanning som gjer dei til profesjonelle hjelparar som t.d. brann- og redningsmannskap og legevaktspersonell, medan dei fleste tilsette har andre yrker og er ikkje trente for å handtera kriser. Kommunen skal handtera oppgåver som skjer her og no, men også vera rusta for uønska hendingar. Kommunalt tilsette kan verta involverte på mange ulike måtar når uønska hendingar oppstår: som del av kommunen si overordna kriseleiing, som profesjonelle hjelparar i kraft av stillinga si, som pårørande eller om ein sjølv vert ramma. Erfaringar frå slike hendingar kan føra til traumatisering. Dette er reaksjonar som er vonde å handtera, men samtstundes på mange vis normale. Utfordringa er at slike reaksjonar kan føra til langvarige helseplager og redusert livskvalitet, noko som igjen får konsekvens for arbeidsevna til mange og set arbeidsgjevar si evne til ivaretaking på prøve. Forsking viser at det både i forkant -, undervegs i den krevjande situasjonen, og ikkje minst i etterkant av hendinga, kan gjerast konkrete tiltak som reduserer faren for at krevjande opplevingar fører til psykisk uhelse for dei tilsette på sikt. I studien har me nytta kvantitativ metode med spørjeundersøking som måleverktøy. Me har testa den faktiske omsorgsforståinga og spurt tilsette kor godt rusta dei kjenner seg til å handtera krevjande situasjonar. Funna tyder på at det er variasjon i kompetansenivået mellom dei ulike tenesteområda, og at det også er individuelle forskjellar. Studien viste at det er samanheng mellom i kva grad tilsette opplever omsorgskultur på arbeidsplassen sin, og kor god kunnskap dei har om gode strategiar for handtering. Ingen av dei andre spørsmåla me stilte, fanga opp forhold som kan forklara kvifor nokon har betre omsorgsforståing enn andre. Me fann til dømes ingen samanheng mellom tilsette sin kunnskap om planverk og innhald i beredskapsplanar og deira faktiske omsorgsforståing då me testa denne. Målet med oppgåva er å visa korleis ei styrking av den organisatoriske omsorgskompetansen, gjennom kunnskap om klokt leiarskap og profesjonell personelloppfølging, kan bety ein stor forskjell før, under og etter kritiske hendingar. Tematisering av personellomsorg i kommunen sine beredskapsplanar og kvalitetssystem meiner me vil vera eit viktig bidrag i kommunen si psykososiale beredskapsplanlegging.
dc.description.abstractThis master's thesis thematises personnel care in connection with critical incidents. We have studied this in our own organization to find out how good the professional understanding of care is, and whether we can find explanations for why some people are better at this than others. The municipality has many professions, some of which have professional training, such as firefighters and emergency medical personnel, while most employees have professions where they are not trained for crises. The municipality must handle incident’s that happen here and now, but also be prepared for unwanted events. Municipal employees can be involved in many different ways when unwanted incidents occur: as part of the municipality's overall crisis management, as professional helpers because of profession, as relatives or if you yourself are affected. Experiences from such incidents can lead to traumatisation. These are reactions that can be painful to deal with, but at the same time in many ways normal. The challenge is that such reactions can lead to long-term health problems and reduced quality of life, which in turn has consequences for many people's ability to work, and challenges the employer's ability to care. Research shows that specific steps can be taken both in advance of, during the incident and not least after the incident, which can reduce the risk that critical experiences will lead to mental illness for the employees in the long term. In the study, we used a quantitative method with a survey as a tool of measurement. We have tested the actual understanding of care and asked employees how well equipped they feel to handle critical situations. The findings indicate that there is variation in the level of competence between the various professions, and that there are individual differences. Furthermore, the results of the study show that there is a connection between the individual experiences a caring culture in their workplace, and how well they know good strategies for handling. None of the other questions we asked can explain why someone has a better understanding of care than others. Surprisingly we found no correlation between employees' knowledge of planning and the content of emergency plans, and their actual understanding of care when we tested this. The aim of this thesis is to show how strengthening the organizational care competence, through knowledge of wise leadership and professional personnel follow-up, can make a big difference before, during and after critical incidents. Focus on personal care in the municipality's emergency plans and quality system, will be an important contribution to the municipality's planning of psychosocial crises.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectkommune
dc.subjectivaretakelse
dc.subjectprofesjonell personellomsorg
dc.subjectorganisasjonens omsorgskompetanse
dc.titleProfesjonell omsorgsforståing i Kvam herad: Kor god er denne - og kva forhold kan forklara variasjon i denne kompetansen?
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-05-13T12:01:48Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgave i kommunal ledelse
dc.description.localcodeEXECUTIVE670
dc.description.localcodeEXEC670
dc.subject.nus739999
fs.subjectcodeEXECUTIVE670
fs.unitcode16-0-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record