Asymmetrisk prissetting i den norske hurtiglademarknaden
Master thesis
View/ Open
Date
2024-06-03Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Economics [300]
Abstract
Denne oppgåva undersøker kva marknadsforhold som bidrar til asymmetrisk prissetting i den kompetetive hurtiglademarknaden i Noreg. I lys av Europas energikrise i 2022, har ikkje ladeprisane i Noreg følgt den nedgåande trenden i straumprisane. Oppgåva undersøker korleis utilstrekkeleg brukarvennlegheit og mangel på standardiserte prismodellar og betalingsløysingar påverkar ladetilbydaranes prisstrategiar.
Ved å anvende teorien om «Rockets and Feathers»-fenomenet, forklarar oppgåva korleis prisane på ladetenester stig raskt, når innsatskostnadane aukar, men søkker langsamt, som når innsatskostnadane minkar. Oppgåva viser at utilstrekkeleg brukarvennlegheit førar til asymmetrisk prissetting i hurtiglademarknaden. Dette reduserer konsumentane sin moglegheit til å samanlikne prisar og tilgjengelegheit på tvers av tilbydarar. På bakgrunn av dette er marknaden i ein situasjon der ladetilbydarar kan oppretthalde høge prisar utan konkurransepress.
Oppgåva understrekar eit tydeleg behov for reguleringar for å fremje ein meir kompetetiv marknad. Det blir anbefalt at reguleringane fokuserer på standardiserte prismodellar og betalingsløysingar, for å betre konsumentane sin tilgang til informasjon, slik dei kan ta informerte og kostnadseffektive val.
Description
Postponed access: the file will be accessible after 2029-06-03