Sikringsgraving av gravrøys og avgrensa undersøking av to tufter
Abstract
I september 2019 vart det gjennomført ei arkeologisk sikringsundersøking av Askeladden id. 229556 på Giskegjerdet i Giske kommune. Undersøkinga var finansiert gjennom post 70-midlar frå Riksantikvaren. Hovudformålet med undersøkinga var å grave ut og dokumentere ei delvis erodert gravrøys (R3) ved erosjonskanten ned mot stranda. Vidare var formålet å få betre oversikt over to andre strukturar (R4 og T1) som ligg like NA for R3. R4 vart avdekka, men ikkje grave ut. Det vart lagt ei sjakt gjennom T1. Målet var her å få betre oversikt over kva for strukturar dette er, tidfesting og potensialet for skade ved ytterlegare utrasing av erosjonskanten. Utgravinga av R3 dokumenterte ei gravrøys med tydeleg definert kantkjede av rullestein, og kammer. Det vart ikkje gjort funn av gjenstandar eller bein i røysa. 14C-prøver teke ut i samband med røysa gjev ei maksimumsdatering til ein sein del av førromersk jarnalder. R4 vart omdefinert frå røys til tuft (difor omtala som T2). Tufta har hatt fleire fasar. Sjakta gjennom T1 stadfesta oppmura steinar der det er synlege veggvollar i overflaten. Det har ikkje lukkast å få gode dateringar av T1 og T2. Det vart dokumentert at eine hjørnet av T2 alt er påverka av erosjon.