Utvida registrering i samband med reguleringsplan for Hovlandshagen fiskerihamn
Abstract
Rapporten omhandlar ei forundersøking i Hovlandshagen ved Langevåg, sør i Bømlo kommune. Forundersøkinga er gjort i samband med § 10 vedtak for lokalitetar som vart dispensert med vilkår om utgraving knytt til reguleringsplan for Hovlandshagen fiskerihamn. Under dispensasjonshandsaminga fann Riksantikvaren fylkeskommunen sine registreringar utilstrekkelege som grunnlag for å fatte vedtak om omfang og kostnad ved ei arkeologisk dispensasjonsundersøking (jf. kml. §10). Området inneheld ei rekke steinalderbuplassar som har vore kjent lenge, men desse har aldri vore undersøkt med tanke på kva utstrekning dei har. Stratigrafiske tilhøve er også dårleg belyst. Det er heller ikkje undersøkt om det var fleire buplassar innimellom dei kjente.